Utløpt

Frekvensekspert

Arbeidsgiver
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
Stillingstittel
Frekvensekspert
Sted
Lillesand
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Nkom har ansvar for å planleggje, tildele og føre tilsyn med bruk av radiofrekvensar i Noreg og representerer Noreg i internasjonale fora knytt til bruk av denne ressursen.

No ser vi etter deg som skal planleggje og tildele frekvensar til mobile radiosystem, lågeffektssystem og jordstasjonar for satellitt.

Du vil mellom anna delta i internasjonale fora der viktig framtidsretta arbeid skjer og noko reiseverksemd må forventast. Stillinga er i seksjon for mobile tenester.

Arbeidsoppgaver

  • planleggje og tildele frekvensar til mobile radiosystem, lågeffektssystem og jordstasjonar for satellitt
  • gjennomføre interferens-/dekningsberekningar
  • føre tilsyn med vilkår i frekvensløyve, mellom anna berekning av mobildekning og tilsyn med jordstasjonar
  • utgreiings- og prosjektarbeid
  • utvikle og vedlikehalde verkty for presentasjon av informasjon på nettet, til dømes finnsenderen.no
  • koordinere frekvensressursar på tvers av landegrenser
  • fremma Noregs interesser i nasjonale og internasjonale fora

Kvalifikasjoner

  • du må ha relevant mastergrad innanfor eit relevant fagområde (radiokommunikasjon, teleteknikk eller liknande)
  • du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • du må ha god evne til raskt å setje deg inn i nye dataverkty
  • det er ønskjeleg med erfaring innanfor dei relevante fagområda
  • Søkjarar med relevant bachelorgrad og erfaring er også velkomen til å søkje. Stillinga krev at du kan bli tryggleiksklarert etter tryggingslova.

Egenskaper

  • initiativrik, open og omgjengeleg
  • strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert innstilling
  • evne til å arbeide nøyaktig og ryddig både sjølvstendig og i grupper
  • blid og med god arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Stillinga er lønna som overingeniør eller senioringeniør frå kr 467 700 (lønnstrinn 55) til kr 652 000 (lønnstrinn 73), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Frå lønna blir det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse.

Om arbeidsgiveren

Nkom skal leggje til rette for og sikre god konkurranse i marknadene for breiband og telefoni, kringkasting og post.
Vi definerer og påverkar rammevilkår og lovverk, og representerer Noreg i det mangesidige arbeidet mellom anna med Internett. Sikkerheit og beredskap er ein vesentleg del av ansvaret vårt.

Nkom er lokalisert i Lillesand. Meir informasjon finn du på www.nkom.no.

Vi ønskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om du har reservert deg mot å stå på offentleg søkarliste. Du vil bli varsla dersom ønsket ditt om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Søknad merkes
10/2015
Sektor
Offentlig
Sted
Nygård 1,
4790 Lillesand
Bransje
Telekommunikasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Rapportér annonse

FINN-kode
63435139
Sist endret
25. aug 2015 10:01

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bent Andre Støyva
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
22 82 48 33
908 89 955
Kontaktperson
John-Eivind Velure
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
22 82 48 27
957 48 447
Følg firma
130 følger dette firmaet

Nygård 1, 4790 Lillesand

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
63435139
Sist endret
25. aug 2015 10:01