Utløpt

Vi søker regnskapsfører / avdelingsleder

Arbeidsgiver
Midt-Telemark Regnskap AS
Stillingstittel
Regnskapsfører / avdelingsleder
Frist
07.09.2015
Ansettelsesform
Fast
Vi søker ein fagleg dyktig rekneskapsførar som i tillegg til rekneskapsoppgåver også kan være interessert i å leie kontorets rekneskapskompetanse med særleg vekt på ansvar for årsavslutningar og rådgivning for aksjeselskap. Etter bortfall av revisjonsplikten for små aksjeselskap er dette eit viktig satsingsområde for oss og vi søker etter ein person med god erfaring frå årsoppgjør for
aksjeselskap.

Arbeidsoppgåvene vil vera sjølvstendig rekneskapsføring og årsoppgjer for ulike typer bedrifter med kundeoppfølging og perioderapportering til den enkelte bedrift.

Vi søker i første rekke etter autorisert rekneskapsførar / revisor med erfaring frå sjølvstendig rekneskapsføring og utarbeidelse av årsoppgjer for ulike typer næringsdrivande. Hvis du er interessert i å leie kontoret så vil du og vere ansvarleg for kontorets daglege drift, herunder personalansvar i nær kontakt med morselskapets daglege leiar i Seljord.

Stillinga er i utgangspunktet ei 100% stilling, men evnt. 80% kan diskuterast hvis dette er ønskeleg.

Vi legg stor vekt på sjølvstendighet og serviceinnstilling hos våre medarbeidarar.

Vi tilbyr ein utfordrande jobb i eit selskap i vekst, godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige betingelser.

Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Midt-Telemark Regnskap AS er eit autorisert rekneskapsførerselskap som tilbyr rekneskaps-og økonomitenester til små og mellomstore bedrifter i Midt-Telemark regionen. Vi tek på oss oppdrag for alle typer næringsdrivande og vår kundemasse spenner frå små landbruksregnskap og enmannsbedrifter til større aksjeselskap som driv i ulike bransjer. Tilsaman utfører dei 5 tilsette ca. 4,8 årsverk. Midt-Telemark Regnskap AS er eit heleid datterselskap av Seljord Rekneskapsservice AS og vi held til i trivelege lokaler i Bøgata.

Sektor
Privat
Sted
Bøgata 69, 3800 Bø i Telemark
Bransje
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Regnskap,
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Olav Omtveit
Stillingstittel
Styreleder
Telefon
Vis telefonnummer

Bøgata 69, 3800 Bø i Telemark

Annonseinformasjon

FINN-kode 63249156
Sist endret 20. okt. 2015 13:56

Rapporter annonse