Utløpt

Undervisningsleder

Arbeidsgiver
Jobb i DSB
Stillingstittel
Undervisningsleder
Sted
Lena
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Sivilforsvaret sitt beredskaps- og kompetansesenter i Oppland har eit nasjonalt utdanningsansvar og gjennomfører all kursverksemd for etaten sitt tenestepliktige personell og eigne tilsette. Som det einaste kompetansesenteret i etaten, har vi eit spennande og breitt fagmiljø og ein sentral posisjon i utviklinga av Sivilforsvaret.

Vi søkjer ein undervisningsleiar med gode pedagogiske evner og som trivst med kunnskapsformidling. I tillegg til undervisning kjem du òg til å ha ansvar for vedlikehaldet av avdelinga sine køyretøy som blir nytta i opplæringa av mannskapar i Sivilforsvaret.

Arbeidsoppgåver

  • planleggje, koordinere og gjennomføre undervisningsoppgåver innan brann/redning, førstehjelp og leiing
  • evaluering og vidareutvikling av eksisterande og nye kurstilbod
  • kursleiing
  • vedlikehald av avdelinga sine køyretøy
  • eigautvikling knytt til kompetansesenteret sitt kompetansebehov

Kvalifikasjonar

  • fagbrev som mekanikar eller tilsvarande
  • ønskjeleg med høgare utdanning
  • pedagogisk bakgrunn, eventuelt må den som blir tilsett gjennomføre studium i vaksenpedagogikk
  • meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • førarkort klasse BD1E (personbil og minibuss med tilhengjar). Dersom den som blir tilsett, ikkje har førarkort klasse D1E, må ein ta dette i løpet av prøvetida.

Eigenskapar

  • motiverande og pedagogisk med undervisningsrolla som din naturlege "arena"
  • metodisk og systematisk - og samtidig praktisk av natur
  • nettverksbyggjar med gode samarbeidsevner
  • sjølvstendig, initiativrik og kvalitetsbevisst

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • inspirerande og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • fleksibel arbeidstid
  • gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • avlønning som sivilforsvarsadjutant, stillingskode 0331 - årslønn frå kr 444 400 til kr 467 400 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare lønn.

    Generelle opplysningar

  • DSB legg vekt på å sikre mangfald med omsyn til kjønn, alder og etnisk bakgrunn i rekrutteringa si.
    • Med heimel i Offentleglova § 25 kan søkjarlister bli offentleggjorde.
    • Den som blir tilsett, må kunne tryggleiksklarerast.
    • Den som blir tilsett, inngår i distriktet si vaktordning.
    • Sivilforsvaret er ein uniformert etat.

      Meir om stillinga

  • Sivilforsvaret sitt beredskaps- og kompetansesenter har 50 tilsette og er organisert i tre avdelingar. Kompetansesenteret har årleg om lag 1200 kursdeltakarar og ein overnattingskapasitet på 130 senger, noko som krev ein stor infrastruktur med forlegnings-, undervisnings- og kontorfasilitetar.

    Kursa har ulik varigheit, frå ei veke til tre veker, noko som krev drift 24/7.

    Kompetanseavdelinga med sine 15 medarbeidarar, har eit nasjonalt ansvar for utdanning av alle tenestepliktige til Sivilforsvaret. Du må ha gode pedagogiske evner og like å stå i undervisningssituasjonar, då stillinga si primæroppgåve er utdanning av tenestepliktige og andre beredskapsaktørar både nasjonalt og internasjonalt. Utdanninga er primært basert på ei teoretisk innleiing med påfølgjande praktisk dugleikstrening. Du kjem òg til å ha direkte kontakt med kursdeltakarane våre, og du må trivast i ein kvardag med mange personlege førespurnader.

Om arbeidsgiveren


Sivilforsvaret er ein statleg forsterkningsressurs under DSB. Sivilforvaret er organisert i 20 distrikt, hovudsakleg delt inn etter fylkesgrensene. Det er ca. 220 fast tilsette, samt ca. 8 000 tenestepliktige som er fordelte på 135 operative einingar.
www.sivilforsvaret.no 
?_______________________________________________________________________________________________

Søknad merkes
OSFD 02/2015-N
Sektor
Offentlig
Sted
Starumsvegen 86,
2850 Lena
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Annet

Rapportér annonse

FINN-kode
62975924
Sist endret
14. aug 2015 09:39

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åse Bjorbækmo
Stillingstittel
sivilforsvarsinspektør
Telefon
911 04 833
Kontaktperson
Geir Lande Fevang
Stillingstittel
distriktssjef
Telefon
901 60 760
Følg firma
555 følger dette firmaet

Starumsvegen 86, 2850 Lena

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
62975924
Sist endret
14. aug 2015 09:39