Utløpt

Kommunepsykolog i Familiens Hus

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Kommunepsykolog i Familiens Hus
Frist
10.06.2015
Ansettelsesform
Fast

Kort om stillinga

Familiens hus søkjer kommunepsykolog frå august 2015.

Familiens hus er plassert i sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Familiens hus er eit tverrfagleg kommunalt tilbod der du finn Barnevern, PPT og Tverrfagleg teneste med kommunepsykolog, familierettleiar, familieterapeuter og miljøterapeut. Familiens Hus skal ha fokus på tidleg innsats og støtte. Tverrfagleg teneste jobbar både tiltak for Barneverntenesta, samarbeider tett med PPT, men også lågterskel og førebyggande i samarbeid med foreldre, barnehage og skule. I tillegg til samarbeid med kollegaer i Familiens hus, ønskjer vi å legge til rette for samarbeid med andre einingar. 

Arbeidsstad: Rådhuset i Lonevåg

Arbeidsoppgåver

Kommunepsykologen i Osterøy kommune er organisert i Familiens hus og prioriterer oppfølging av born og unge. Kommunepsykologen arbeider både med individualterapi i form av korttids lavterskeltilbod, og førebyggande arbeid på gruppe- og systemnivå. Ein forventar at kommunepsykologen videreutviklar det førebyggande arbeidet i samarbeid med andre relevante partar i kommunen.

Vi søkjer

Cand.psychol, gjerne med erfaring frå arbeid med born og unge og deira familiar. Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel.

Personlege eigenskaper:

Vi søkjer etter ein person som trives med teamarbeid og deler våre verdiar som er respekt, omsorg, tydelegheit og ærlegdom.

Familiens hus har mange fagleg dyktige tilsette med stort engasjement. Det er eigenskapar som gir god dynamikk og driv i organisasjonen. Du må sjå verdien i dette og trivast i eit slikt miljø.

Vi i Familiens hus tenkjer at fleire perspektiv bidreg til betre tiltak. Gode samarbeidsevner er ein føresetnad, samtidig som evne til sølvstendig arbeid er avgjerande.

Vi tilbyr

  • Variert arbeid i positivt arbeidsmiljø
  • Engasjerte medarbeidarar og gode kollegaer
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår som mellom anna inneber god pensjonsordning
  • Fokus på tverrfaglig samarbeid og fagleg utvikling.

Lønsvilkår: konkurransedyktig løn.

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

Søknadsfrist    10.06.2015                                 Utlyst dato        22.05.2015                           Vårref                  183

Kontaktperson

Vibeche Furrebøe Levsen, Leiar Familiens Hus, tlf: 56192221, mobil: 90686351, Vibeche.Levsen@Osteroy.kommune.no

Trude Selseng, fagleiar Tverrfagleg teneste, mobil: 99628482, trude.selseng@osteroy.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 7 800 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeche Furrebøe Levsen
Stillingstittel
Leiar Familiens Hus
Telefon
90 68 63 51
Kontaktperson
Trude Selseng
Stillingstittel
fagleiar Tverrfagleg teneste
Telefon
99 62 84 82
Følg firma
283 følger dette firmaet

Rådhuset, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 59593743
Sist endret 22. mai 2015 09:59

Rapporter annonse