Har du erfaring innan byggrelaterte fag?
- Arbeidsgiver
- Sogn og Fjordane fylkeskommune
- Stillingstittel
- Driftsteknikar
- Frist
- 16.05.2015
- Ansettelsesform
- Fast
Bygge- og eigedomstenesta har ansvaret for forvaltning, teknisk drift, vedlikehald, utvikling og service knytt til alle fylkeskommunale eigedommar. Driftsavdeling Sogn har ansvaret for dei fylkeskommunale eigedommane i Årdal, Aurland, Sogndal og Leikanger. Avdelinga har ledig stilling som:
Driftsteknikar
Frå 1. juli 2015. Den som vert tilsett må ta del i eit breitt spekter av oppgåver innan drift og vedlikehald. Arbeidet omfattar mellom anna planlegging, teknisk drift, diverse servicearbeid for skuledrift og oppfølging av internkontrollsystem. Primær stasjonering vert ved Årdal vidaregåande skule, men òg arbeid ved dei andre fylkeskommunale eigedommane i avdelinga må påreknast i periodar.
Krav til utdanning og arbeidserfaring:
• Fagbrev innan byggrelaterte fag, fortrinnsvis elektro/automasjon. Andre godt kvalifiserte søkarar med dokumentert arbeidserfaring innan byggrelaterte fag vil bli vurderte.
• Vi ynskjer primært arbeidserfaring etter fullført fagbrev, men er også opne for nyutdanna søkarar.
I tillegg vert det lagt vekt på:
• Røynsle innan brannvernarbeid
• Gode datakunnskapar
• Serviceinnstilling
• Samarbeidsevne
• Evne til å ta ansvar
For stillinga gjeld fylkeskommunale tilsetjingsvilkår og løn som fagarbeidar.
Meir informasjon om Sogn og Fjordane fylkeskommune finn du på http://www.sfj.no.
Søknad med CV sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn i søknadsbildet eller på e-post til postmottak.sentraladm@sfj.no
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting, utviklings- og forvaltningsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, tannhelse, næringsutvikling, kulturtiltak, samferdsle, fylkesvegar og regional planlegging. Vi har 1500 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på ca. 2,5 mrd.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6884 Øvre Årdal
- Bransje
- Bygg og anlegg,
- Drift og vedlikeholdstjenester,
- Elektronikk
- Stillingsfunksjon
- Driftsoperatør/vaktmester,
- Håndverker / Elektriker
Nøkkelord
Driftsteknikar, byggrelaterte fag, elektro/automasjon
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Nils Flugeim
- Stillingstittel
- driftsleiar
- Telefon
- 48 17 05 75
- Kontaktperson
- Jan Tore Rosenlund
- Stillingstittel
- bygge- eigedomssjef
- Telefon
- 91 67 47 35
6884 Øvre Årdal