Utløpt

Fagansvarleg for ingeniørgeologi, geomatikk og geoteknikk, E39 Svegatjørn - Rådal

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Fagansvarleg for ingeniørgeologi, geomatikk og geoteknikk, E39 Svegatjørn - Rådal
Frist
22. mars 2015
Ansettelsesform
Fast

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!

Statens vegvesen søkjer etter ein fagansvarleg pr område; ingeniørgeologi, geomatikk og  geoteknikk.  Hovedoppgavå vil vere overordna oppfølging på prosjektet innafor ditt fagområde. Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen.

Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.

Arbeidsoppgåver:
Rutinar for kvalitetskontroll og intern rapportering i prosjektet innanfor fagområdet
Fagleg utvikling av mindre erfarne og nyutdanna
Administrere tredjepartskontroller ved behov
Innarbeide nye krav og retningsliner frå Vegdirektoratet
Erfaringsutveksling internt i prosjektet og med andre prosjekt i Statens vegvesen
Fagleg bistand ovanfor dei andre tilsette i prosjektet
Kvalitetskontroll av eksterne leveransar innanfor fagområdet
Ansvarleg for ingeniørgeologi får i tillegg overordna ansvar for permanent sikring av tunnelar, kryssing av svakhetssoner og andre kritiske område, injeksjonsprosedyrar og ingeniørgeologisk sluttrapport

Kvalifikasjonar og bakgrunn:
Kanskje har du allereie arbeidd på eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant.

Du har relevant utdanning innan eit av fagområda frå universitet eller høgskole, min. 3 år, samt omfattende arbeidserfaring frå fagfeltet. Det er ønskjeleg med erfaring frå fagleg rettleiing.  Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Vi søkjer etter målretta personar og sjølvstendige medarbeidarar som arbeider systematisk. Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg og du leier kontrollingeniørane på ein profesjonell måte. Vi legg vekt på at du er initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner for å skape samarbeid og gode tillitsforhold. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper.

Du har også førerkort for bil (klasse B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:
Introduksjonsprogram og fadderordning
Fleksitid og gode ordningar for avspasering
Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 5147 Fyllingsdalen
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Geomatikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Bremnes
Telefon
51 11 18 32
Kontaktperson
Sverre Ottesen
Følg firma
534 følger dette firmaet

Askedalen 4, 5147 Fyllingsdalen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 56514172
Sist endret 6. mar. 2015 14:21

Rapporter annonse