Utløpt

Spennande mogelegheit for to i Sogn. Skule og barnehage

Arbeidsgiver
Adecco
Stillingstittel
Lærer
Frist
15.03.2015
Ansettelsesform
Vikariat

Den aktuelle skulen er ein 1. - 10.skule som ligg sentralt plassert i kommunesenteret. Kommunal barnehage ligg også like ved.  Skuleåret 2014-2015 har skulen ca. 170 elevar. Det er godt miljø ved skulen. blant elevar og lærarar. Kollegiet er relativt ungt, totalt ei god blanding av yngre og meir erfarne.

Skulen har stort fokus på vurdering for læring, og motivasjon og mestring. Utviklingsarbeidet er knytt til desse områda, og det er fokus på å lære av kvarandre.



LÆRAR: Det er no ledig ei 100% stilling som fast vikar ut skuleåret. Det meste av arbeidet vil vere knytta til barne- og ungdomssteget. Du vil vere timelærar i ulike fag, blant anna matematikk, norsk og kunst og handverk. Andre fag vil også kunne vere aktuelle, og det vil bli sett opp ein fast plan. 

FAGARBEIDAR/ASSISTENT BARNEHAGE:
I denne stillinga vil ein inngå i teamet knytta til barnehagen. Full stilling som fagarbeidar inneber også vakter på SFO morgon og ettermiddag; onsdag er det heildagstilbod i SFO.

Den som får denne stillinga tilknytta barnehagen vil også verte knytt til enkelte elevar på  ungdomstrinnet. Erfaring frå arbeid med ungdommar er eit pluss. Kommunen har fleire gjesteelevar som treng ekstra oppfølging i løpet av skuledagen. Fagarbeidarane er «limet» i organisasjonen, har mykje tilsyn ute, og er også innom fleire klassar.  



I begge stillingar ser me ser etter:
  • ein tydeleg, roleg og ansvarsfull person som kan setje grenser.
  • ein miljøskapar som er oppteken av samhandling. 
  • erfaring frå sosialt arbeid eller elevar med spesielle behov (ikkje absolutt krav)
  • positiv innstilling og gode tilpasningsevner - kjem alltid godt med.
  

Ansvarsområde:

Fylgje opp avtalte arbeidsoppgåver og arbeidstider.
Vere ein trygg og god kollega og vaksenperson, 
Bidra til stabilitet, samt trygt og godt læringsmiljø.



Me kan tilby:

  • introduksjonsprogram for nytilsette
  • ein god utviklingsarena fagleg og personleg
  • allsidige oppgåver der du får ei viktig rolle i skulemiljøet
  • godt arbeidsmiljø
  • ei spennande fritid for den som er aktiv og litt nysgjerrig
 

Skulen har nyleg fått eit skikkeleg løft på uteområdet, med ny og fin klatrepark. Me har også ei flott idrettsbane.Vi ligg sentralt til, like ved butikk, bibliotek osv.

Det ligg tilrette for vekependling om det er ynskjeleg. Me hjelper til ved behov for bustad.

Dette er also ei mogelegheit for to! Eit flott høve til fagleg og personleg utvikling og å få oppleve våren i Ytre Sogn. 

Om arbeidsgiveren

Adecco er verdens største aktør innen bemanning. I Norge er vi ledende med mer enn 70 kontorer og avdelinger, som hver dag formidler jobb til over 8.000 personer. Vi tilbyr midlertidige og faste stillinger i norsk næringsliv og offentlig sektor. Vi har også spisskompetanse på rekruttering av ledere og spesialister til faste stillinger, outsourcing og rådgivning i omstillingsprosesser.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Privat
Sted
SOGNDAL, 6957 Hyllestad
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sviggum, Aud Inger
Telefon
40 60 62 22
Følg firma
712 følger dette firmaet

SOGNDAL, 6957 Hyllestad

Annonseinformasjon

FINN-kode 56224678
Sist endret 25. feb. 2015 13:31

Rapporter annonse