Utløpt

Kompetanse- og kvalitetsutvikling

Arbeidsgiver
Domstoladministrasjonen
Stillingstittel
Kompetanse- og kvalitetsutvikling
Sted
Trondheim, Domstoladministrasjonen
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Kompetanse- og kvalitetsutvikling

Vi tilbyd interessante arbeidsoppgåver i eit breitt fagleg og godt sosialt miljø.

Hovudoppgåvene dine vil vere å

  • arbeide i team for å initiere og utvikle kompetanse- og kvalitetstiltak i tråd med behov og ønska læringsutbyte
  • bidra i gjennomføring og evaluering av tiltak
  • arbeide framtidsretta og omsetje kompetansestrategiar i handling

Arbeidet med kompetanseutvikling føreset god dialog med medarbeidarane i domstolane og representantar for dei ulike brukargruppene. Ein må rekne med noko reiseverksemd. 

Du har minimum tre års høgare utdanning innan relevante fagområde. 

Det er ein fordel om du har 

  • juridisk bakgrunn
  • erfaring frå kompetanse- og kvalitetsarbeid 
  • erfaring frå prosess- og prosjektleiing
  • erfaring frå domstolane eller andre kunnskapsbaserte verksemder
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne 
  • gode engelskkunnskapar

Vi ønskjer at du har høg fagleg kvalitet, er utviklingsorientert, gjer ditt til eit godt arbeidsmiljø, har vilje og initiativ til å tileigne deg og dele kunnskap, og er samfunnsengasjert. Vi vil leggje stor vekt på å vere personleg eigna og relevant erfaring.

Stillinga er løna etter Staten sitt lønsregulativ som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) i høve til kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % til god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til: Avdelingsdirektør Kari Berget, tlf. 73 56 70 90/mobil 95 29 30 33

Generell informasjon om DA finn du på www.domstol.no.

Vi legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsevne.

Vi bed om at søknad med CV, vitnemål og relevante attestar blir lagt inn i det elektroniske søknadsskjemaet du finn under her under ?søk på stillinga her?. 

Søknadsfrist: 22.02.2015

Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Du visast til Offentleglova § 25, andre ledd, om høve for å bli unnateke frå søkjarlista.

Om arbeidsgiveren

Noreg har 112 domstolar med 1900 tilsette. Domstoladministrasjonen (DA) er det administrative overbygget for domstolane. DA sitt ansvar overfor domstolane omfattar mellom anna økonomi, organisasjonsutvikling, kompetanseutvikling, drift og utvikling av datasystem og kommunikasjonsarbeid. DA held til i Trondheim.


Kompetanseutvikling er eit satsingsområde i DA og domstolane. Oppgåva vår er å bidra til  at medarbeidarar i domstolane og DA har den kompetansen dei treng for å gjere oppgåvene sine. Saman med oss står du overfor spanande utfordringar i å vidareutvikle arbeidet og fagmiljøet. 


Vi søkjer ein seniorrådgjevar til å jobbe med 

Sektor
Offentlig
Sted
Dronningensgate 2
7485 Trondheim
Bransje
Juridiske tjenester
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Konsulent
Prosjektledelse
Rådgivning

Rapportér annonse

FINN-kode: 55417315

Sist endret: 29. jan 2015 09:51

Følg firma
61 følger dette firmaet

Dronningensgate 2, 7485 Trondheim

Rapportér annonse

FINN-kode: 55417315

Sist endret: 29. jan 2015 09:51