Utløpt

To kontrollingeniørstillingar ved vegseksjonen Møre og Romsdal

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region midt
Stillingstittel
To kontrollingeniørstillingar ved vegseksjonen Møre og Romsdal
Frist
4. januar 2015
Ansettelsesform
Fast

Utlysing nr. 04-056-14

Vegseksjonen Møre og Romsdal har no to ledige kontrollingeniørstillingar med kontorstad Molde og Ålesund. Seksjonen har ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av riks- og fylkesveger i fylket. Den har 40 medarbeidarar fordelt på kontorstadar i Molde, Ålesund og Åndalsnes. Som ein av to seksjonar i Vegavdeling Møre og Romsdal, opererer vi tett opp mot vegen og trafikantane. Som medarbeidar hos oss vil du gjere ein innsats som betyr mykje for dei som skal ferdes trygt langs vegane våre.


Kva skal du jobbe med?
Du vil bli ein del av enten utbyggingsprosjekt Nordmøre og Romsdal eller utbyggingsprosjekt Sunnmøre. Kvart prosjekt har ein prosjektleiar, byggeleiarar, kontrollingeniørar, byggherrestøtte og HMS-rådgivar. Du rapporterer til byggjeleiar, og er den sin avløysar ved nokre høve.

Du vil i hovudsak arbeide med følgjande:

  • Geometrisk kontroll.
  • Kontroll av teknisk kvalitet.
  • Stikkprøvekontroll.
  • Avviksregistrering med eventuelle varsel til entreprenør.
  • Kontroll og godkjenning av målebrev.
  • Kontrollere at entreprenøren leverer naudsynt dokumentasjon i utføringsfasen.
  • Utarbeide kontrollplanar og oppfølging av desse.
  • Bidra i vurderinga av endringar/ tillegg.
  • Medverke i byggjemøter.
  • Oppfølging av HMS på anlegget.
  • Utarbeiding av tilbodsdokumenter.
  • Bidra med å utøve kontakt mot naboar og offentlige etatar i utføringsfasen.

 
Kven er du?
Du må ha treårig ingeniørutdanning eller liknande frå universitet eller høgskule med relevante fagkombinasjonar. Det er ein fordel at du har erfaring frå anleggsbransjen.

Personleg eigenskapar blir vektlagt. Blant anna er du:

  • Samarbeidsorientert.
  • Initiativrik.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Målretta
  • God til å formulere deg, skriftleg og munnleg.

 Du må ha førarkort klasse B.


Kva tilbyr vi?
Løn blir fastsett etter nærare avtale i høve til etatens lønspolitikk avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna vert det trekt 2 % pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse. Vidare kan vi tilby gunstige arbeidstidsordningar, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning


Anna
Husk å opplyse i søknaden om du ønskjer kontorstad i Molde eller Ålesund.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer medarbeidarar av begge kjønn, frå alle aldersgrupper og frå ulike etniske grupper og nasjonaliteter. Vi arbeider dessutan aktivt for å rekruttere fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ein autorisert oversettelse av din papirar og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søknad med CV sendast elektronisk. Vi sett pris på om du har anledning til å laste opp dine vitnemål. Originale vitnemål og attestar tas med ved et eventuelt intervju

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fylkeshuset, 6404 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Jan Tønnesen
Telefon
92 02 95 92
Følg firma
201 følger dette firmaet

Fylkeshuset, 6404 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 54173618
Sist endret 15. des. 2014 11:01

Rapporter annonse