Utløpt

Er du klar for nye utfordringar i ein kommune som er i sterk vekst?

Arbeidsgiver
Sund kommune
Stillingstittel
Oppmålingsingeniør
Sted
Skogsvåg
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Sund kommune treng to omgjengelige og publikumsretta oppmålingsingeniørar som vil trivast i ein hektisk kvardag.

 

A. Fast 100 % stilling. Tiltreding snarast

B. 1 års vikariat 100 % frå april 2015

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere oppmålingsforretningar, matrikkelføring og - forvaltning, rettleiing og kontakt med kundar.

 

 Ønskte kvalifikasjonar:

• Høgskuleutdanning med eigedoms- og landmålingsfag.

• Erfaring frå oppmålingsforetningar og tradisjonell oppmåling ved bruk av GNSS og totalstasjon.

• God datakunnskap.

• Førarkort kl. B.

• Ønskje om matrikkelførarkurs og erfaring i matrikkelføring.

• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. I tillegg, evne og ønskje om å levere til rett tid med rett kvalitet.

• God norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg. 

Nyutdanna vert oppmoda om å søkja. Søkjarar med anna utdanning, men med relevant erfaring, kan og verta vurdert. Merk søknaden om du søkjer stilling A, B eller begge.

 

Sund kommune kan tilby:

• Godt og positivt miljø

• Tilsetjing på vanlege vilkår. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning

• Fleksibel arbeidstid

 

Dersom du treng rettleiing, ta kontakt med servicekontoret eller personalkontoret tlf. 56 32 75 00.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, må sendast til: Sund kommune, Personal- og økonomiavdelinga, Postboks 23, 5371 Skogsvåg.

 

Om arbeidsgiveren

Sund kommune er ein moderne og innovativ kommune sør på Sotra, berre 25 minuttar frå Bergen.
Det er ein kommune i vekst og nærmar seg 6700 innbyggjarar. Kommunen opplever auka etterspurnad etter bustader og næringsareal. Kystkulturen er rik og saman med Periferifestivalen med å setje sitt preg på kommunen. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Sund kommune sin visjon er: Vi finn løysingar i lag, med kjerneverdiar; tilgjengeleg, raus, kompetent og løysingsfokusert.

Søknad merkes
14/2343
Tiltredelse
Snarast
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Skogsskiftet,
5382 Skogsvåg
Lønn
Etter avtale
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Oppmåling og kartlegging

Rapportér annonse

FINN-kode
53575183
Sist endret
19. nov 2014 09:08

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mona Rabben
Stillingstittel
Leiar
Telefon
56 32 75 86
Kontaktperson
Anne- Grethe S Hagenes
Telefon
56 32 75 20
Følg firma
15 følger dette firmaet

Skogsskiftet, 5382 Skogsvåg

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
53575183
Sist endret
19. nov 2014 09:08