Utløpt

Konsulent bustad og kvarter i marknadsområde Nord Bardufoss

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg - Forsvarsbygg utleie
Stillingstittel
Konsulent bustad og kvarter i marknadsområde Nord Bardufoss
Sted
Bardufoss
Frist
Frist utløpt
Varighet
Engasjement
Frå 1.januar 2015 tek Forsvarsbygg over forvaltninga av bustad og kvarter. Ansvaret til Forsvarsbygg er å ivareta oppgåver knytte til bygg- og eigendomsforvaltninga. Bustad og kvarter er eit svært viktig personalpolitisk
verkemiddel for Forsvaret. Målet til Forsvarsbygg er å Etablere og utvikle dagens bustad- og kvarterteneste og styrke servicen til leigetakarar og gjestar . Dette vil mellom anna seie å profesjonalisere og effektivisere bustad og
kvartertenesta i samarbeid med andre avdelingar i Forsvarsbygg og Forsvaret. Arbeidet vårt skal føre til betre leigetakar- og gjesteopplevingar. Har du lyst til å vere med på utviklinga av den nye tenesta, søkjer Forsvarsbygg no etter konsulent for eininga i marknadsområde Nord. Stillinga rapporterer til leiar av bustad og kvarter i MO Nord. Arbeidstad vil vere Bardufoss. Stillinga er førebels i 2 år.

Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfagleg arbeid, mangfald og likestilling. Vi ønskjer derfor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet mellom dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom si personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentlighetsloven - jfr særleg Offentlighetslovens § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre saksbehandling ism marknadsområdet si forvaltning av bustader og kvarter samt ta vare på dokumentasjon.
  • Utforme leigekontraktar med leigetakarar, under dette å registrere leigetilhøve i database.
  • Gjere inn- og utflyttingskontroll og dokumentere feil og manglar.
  • Ansvarleg for at leigetakar ved innflytting blir gjort kjent med tekniske tilhøve.
  • Gje råd og rettleiing iht bebuarar i Forsvaret sine bustader ism inn- og utflytting. Oppfølging av leigetakar i leigeperioden.
  • Koordinere, planleggje og ha oversikt over kvarterbehov ism kursaktivitet og øving.
  • Ta i mot bestillingar på tilfeldig kvarter.
  • Rapportere behov for vedlikehaldstiltak samt evt. behov for utskifting av møblar og utstyr.
  • Administrasjon av nøklar og nøkkelkort.
  • Kontaktperson mot Forsvaret og internt i Forsvarsbygg ism bustadsaker.
  • Kontaktperson mot burettslag/sameigar/offentlege etater etc i alle saker som vedgår leigetilhøvet, under dette stille som representant i burettslags- / sameigarmøte.
  • Andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til eininga.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og arbeidserfaring
  • Førarkort kl B
  • Det blir føresett tryggingsklarering for hemmeleg

Eigenskapar

  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Systematisk og strukturert
  • Serviceorientert
  • Tek ansvar og god til å følgje opp
  • God planleggings- og gjennomføringsevne
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gunstige bustadlån i Statens Pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar
  • Gode høve for personleg og fagleg utvikling

Om arbeidsgiveren

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over heile landet. Vår viktigaste oppgåve er å skape trivsel for brukarane og bebuarane våre.

Søknad merkes
2414251302
Sektor
Offentlig
Sted
Heggelia leir,
9325 Bardufoss
Bransje
Eiendom
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Rapportér annonse

FINN-kode
53560228
Sist endret
2. des 2014 15:10

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johnny Walquist
Stillingstittel
Stabsleiar
Telefon
480 13 312
Følg firma
902 følger dette firmaet

Heggelia leir, 9325 Bardufoss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
53560228
Sist endret
2. des 2014 15:10