Utløpt

Vi søkjer byggeleiar/kontrollingeniør for støytiltak

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Byggeleiar/kontrollingeniør
Frist
13.10.2014
Ansettelsesform
Fast

Statens vegvesen Region vest søkjer byggeleiar eller kontrollingeniør til vegseksjon Bergensområdet.

Seksjonen har omlag 55 tilsette, og handterer både investeringsoppgåver og drift / vedlikehald på riks- og fylkesveger i 8 kommuner i Bergensområdet, deriblant Bergen.   Avhengig av din erfaringsbakgrunn vil du gå inn i rolla anten som kontrollingeniør eller byggeleiar.

Som kontrollingeniør er du med på å sikre at byggjeprosjekta held avtalt kvalitet. Du vil vere ein del av byggeleiinga i prosjekta og vere ei støtte for byggeleiar. Som ansvarleg byggeleiar vil du få det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av entreprenørkontraktar.

God fagleg tyngd frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Arbeidsoppgåver:

  • Utarbeide konkurransegrunnlag for og følgje opp entreprenørkontraktar for støytiltak etter forureiningslova og plan- og bygningslov.
  • Kontakt med kommunar og grunneigarar
  • Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)
  • Rapportera kvalitet, framdrift og økonomi
  • Andre byggherreoppgåver på seksjonen

Kvalifikasjonskrav:

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis, etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan dette kompensere for manglande formell utdanning.

Det vil bli lagt vekt på:

  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kjøp- og kontrahering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Tverrfagleg røynsle og gode samarbeidsevner
  • Evne og interesse for lag-arbeid
  • Evne til å skape gode resultat saman med andre

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda: introduksjonsprogram og fadderordning fleksitid og gode ordningar for avspasering pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 5845 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arild Hegrenæs
Telefon
55 51 62 27
Følg firma
448 følger dette firmaet

Askedalen 4, 5845 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 52103436
Sist endret 29. sep. 2014 13:26

Rapporter annonse