Er du klar for nye utfordringar i en kommune i sterk vekst?
- Arbeidsgiver
- Sund kommune
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Frist
- 21.07.2014
- Ansettelsesform
- Fast
STILLING MED SAKSNR 14/1373
VI HAR LEDIG FAST 100 % STILLING SOM RÅDGJEVAR I AREALAVDELINGA FOR TILTREDING SNARAST
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere rådgjeving, planlegging og forvaltning innafor jord- og skogbruk i medhald av lov, forskrift og retningsliner. Ein vil mellom anna få ansvar for tilskotsordningar i landbruket, gardskart, sakshandsaming og forvaltning, rettleiing og kontakt med kundar. Andre aktuelle arbeidsoppgåver er knytt til forureining, frådeling, tilsyn m.m.
Kvalifikasjonar for stillinga:
• Utdanning på mastergrads- nivå
• Gode datakunnskapar.
• Førarkort kl. B
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Evne og ønskje om å levere til rett tid med rett kvalitet
• God skriftleg og munnleg fremstilingsevne.
Søkjarar med anna utdanning, men med relevant erfaring, kan og verta vurdert.
Erfaring med handsaming av tilskotsordningane i landbruket og anna landbruksforvaltning vil bli vektlagt.
Lønsvilkår: Løn etter avtale. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
Sund kommune kan tilby:
• Godt og positivt arbeidsmiljø
• Tilsetjing på vanlege vilkår.
• Fleksibel arbeidstid
Sund kommune oppfordrar alle våre søkjarar å søkje på stilling via vårt digitale søknadssenter, https://www.sund.kommune.no/sjolvbetjening/soknadssenter/
Dersom du treng rettleiing, ta kontakt med servicekontoret eller personalkontoret tlf. 56 32 75 00.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, må sendast til: Sund kommune, Personal- og økonomiavdelinga, Postboks 23, 5371 Skogsvåg.
Merk konvolutten med saksnummeret på stillinga.
Om arbeidsgiveren
Sund kommune er ein moderne og innovativ kommune sør på Sotra, berre 25 minuttar frå Bergen.
Det er ein kommune i vekst og nærmar seg 6700 innbyggjarar. Kommunen opplever auka etterspurnad etter bustader og næringsareal. Kystkulturen er rik og saman med Periferifestivalen med å setje sitt preg på kommunen. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Sund kommune sin visjon er: Vi finn løysingar i lag, med kjerneverdiar; tilgjengeleg, raus, kompetent og løysingsfokusert.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5382 Skogsvåg
- Bransje
- Konsulent og rådgivning,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning,
- Planlegger,
- Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Liv M. Østervold
- Stillingstittel
- Kommunalsjef
- Telefon
- 56 32 75 63
- Kontaktperson
- Mona Rabben
- Stillingstittel
- Leiar
- Telefon
- 56 32 75 86
5382 Skogsvåg