Utløpt

Ledig stilling som kontormedarbeider

Arbeidsgiver
Sund Eigedomsutvikling KF
Stillingstittel
Kontormedarbeider
Sted
Sund kommune
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

STILLING MED SAKSNR 14/989

VI HAR LEDIG 40 % STILLING SOM KONTORMEDARBEIDAR I SUND EIGEDOMSUTVIKLING KF

Gjeremåla er mangfaldige og omfattar m.a.

  • Førefallande kontorarbeid og sekretæroppgåver 
  • Kundebehandling og andre henvendingar 
  • Elektronisk postbehandling i Websak innanfor forvaltningslova
  • Kontroll av innkomne faktura mot bestilling/attestasjon/tilvising
  • Ha kjennskap til økonomien i den daglege drifta
  • Andre førefallande oppgåver

Den som vert tilsett må kunne fungera som dagleg leiar i dagleg leiar sitt fråvær.

Vi søkjer ein person med erfaring frå kontorfag og økonomistyring, som har ein positiv og fleksibel innstilling og stå-på vilje i ein hektisk kvardag. Du må ha sertifikat for bil og helst kunne nytta eigen bil sporadisk i tenesta. Sund kommune si målform er nynorsk.

Stillinga vert løna etter hovudtariffavtala i kommunal sektor. Pliktig trekk frå løna på 2 % til pensjonsordning gjennom kommunens pensjonsleverandør, pt er dette DNB Liv.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å venda deg til styreleiar Jan Rune Skoge, tlf. 90 57 23 47 eller konsulent Marianne Kallestad, tlf. 56 32 75 67.

Sund kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkje på stillinga via vårt digitale søknadssenter http://min.e-kommune.no/sund. Dersom du treng rettleiing, ta kontakt med servicekontoret, tlf. 56 32 75 00.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, sendast til: Sund kommune, Personal- og økonomiavdelinga, Postboks 23, 5371 Skogsvåg. Merk konvolutten med saksnummeret på stillinga.

Om arbeidsgiveren

Sund Eigedomsutvikling KF er eit kommunalt føretak eigd av Sund kommune. Kontoradressa er Skogsskiftet, 5382 Skogsvåg. Verksemda sitt føremål er å stå for utbygging, innkjøp, utleige, drift, vedlikehald og evt. sal av kommunale bustader samt anna verksemd i tilknyting til dette. Verksemda står også for formidling av drift av utleigebustader som er i Sund kommune si eige. Bustadsosial handlingsplan ligg til grunn for føretaket si verksemd. Kommunelova, forvaltningslova og offentlegheitslova gjeld for føretaket. Føretaket drifta ved utgangen av 2013 92 bustader, der 75 bustader er kommunalt eigde.

Søknad merkes
14/989
Tiltredelse
Snarest
Sektor
Offentlig
Sted
5382 Skogsvåg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid

Rapportér annonse

FINN-kode
48253935
Sist endret
9. mai 2014 08:48

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Rune Skoge
Stillingstittel
Styreleiar
Telefon
905 72 347
Kontaktperson
Marianne Kallestad
Stillingstittel
Konsulent
Telefon
56 32 75 67
Følg firma
16 følger dette firmaet

5382 Skogsvåg

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
48253935
Sist endret
9. mai 2014 08:48