Lærarstilling ved Årås skule
- Arbeidsgiver
- Austrheim kommune
- Stillingstittel
- Lærar
- Frist
- 28.05.2014
- Ansettelsesform
- Vikariat
Årås skule har om lag 240 elevar fordelt på 1.-10.trinn. Vi er ein PALS- skule som arbeider systematisk med eit godt arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette.
Vi treng lærar som har kompetanse i følgjande fag:
" Spesialpedagogikk
" Ulike fag på barnetrinnet
" Norsk for framandspråklege
Spørsmål om stillingen ved Åras skule kan rettast til rektor Bodil Boie Brakkan.
Bodil.boie.brakkan@austrheim.kommune.no Mobil: 416 67 755
Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000
Om arbeidsgiveren
Austrheim kommune er ein vekstkommune som ligg nord i Hordaland med nett over 2800 innbyggarar. Kommunen er ein av vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter. Austrheim har eit tett samarbeid med Lindås kommune om utvikling på Mongstad. Kommunen er også vertskap for ei stor maritim næring. Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av over 480 øyar, holmar og skjer. Bruer knyter kommunen saman og ringvegen i Nordhordland går gjennom Austrheim. Kommunen er eit eldorado for aktivitetar knytt til kyst og hav, og den årlege Havsportveka i august er blitt eit omfattande arrangement som trekkjer folk frå inn- og utland. Austrheim kommune er ein del av regionen Nordhordland. Kommunesenteret ligg vel ein time frå Bergen sentrum. Det er gode jobbmuligheiter i Nordhordlandsregionen, og vi hjelper til med å skaffe jobb for to!. Full barnehagedekning og gode tenester er noko av det som møter deg viss du flyttar til oss.
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sætremarka 2, 5943 Austrheim
- Bransje
- Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Bodil Boie Brekkan
- Stillingstittel
- Rektor Årås skule
- Telefon
- 41 66 77 55
Sætremarka 2, 5943 Austrheim