Utløpt

Kart- og oppmålingsingeniør

Arbeidsgiver
Sund kommune
Stillingstittel
Kart- og oppmålingsingeniør
Frist
26.04.2014
Ansettelsesform
Fast

Sund kommune treng to omgjengelege og publikumsretta oppmålingsingeniørar som vil trivast i ein hektisk kvardag. Stillingane er fast, 100 % med tiltredning snarast.

Er du klar for nye utfordringar i ein kommune som er i sterk vekst?

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere oppmålingsforretningar, matrikkelføring og - forvaltning, rettleiing og kontakt med kundar.

Ønskte kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning med eigedoms- og landmålingsfag.
  • Erfaring med oppmålingsforretningar.
  • Erfaring frå tradisjonell oppmåling ved bruk av GNSS og totalstasjon.
  • God datakunnskap.
  • Førarkort kl. B.
  • Ønskje om matrikkelførarkurs og erfaring i matrikkelføring.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. I tillegg, evne og ønskje om å levere til rett tid med rett kvalitet.
  • God norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg.

Nyutdanna vert oppmoda om å søkja. Søkjarar med anna utdanning, men med relevant erfaring, kan og verta vurdert.

Lønsvilkår
Stillinga har lokal lønsdanning gjennom kap. 5 i hovudtariffavtalen.

Sund kommune kan tilby

  • Godt og positivt arbeidsmiljø
  • Tilsetjing på vanlege vilkår. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

Nærare opplysingar om stillinga, får du ved å venda deg til:
Leiar Mona Rabben tlf. 5632 7586 eller Anne-Grethe S Haganes tlf. 5632 7520.

Sund kommune oppfordrar alle våre søkjarar å søkje på stilling via vårt digitale søknadssenter.
Dersom du treng rettleiing, ta kontakt med servicekontoret eller personalkontoret tlf. 5632 7500.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, må sendast til Sund kommune, Personal- og økonomiavdelinga, Postboks 23, 5371 Skogsvåg. Merk konvolutten med saksnummer 14/630.

Om arbeidsgiveren

Sund kommune er ein moderne og innovativ kommune sør på Sotra, berre 25 minuttar frå Bergen.
Det er ein kommune i vekst og nærmar seg 6700 innbyggjarar. Kommunen opplever auka etterspurnad etter bustader og næringsareal. Kystkulturen er rik og saman med Periferifestivalen med å setje sitt preg på kommunen. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Sund kommune sin visjon er: Vi finn løysingar i lag, med kjerneverdiar; Tilgjengeleg, raus, kompetent og løysingsfokusert.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5382 Skogsvåg
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Oppmåling og kartlegging

Nøkkelord

oppmåling, landmåler, kart, gis, landmåling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mona Rabben
Stillingstittel
Leiar
Telefon
56 32 75 86
Kontaktperson
Anne Grethe Haganes
Telefon
56 32 75 20
Følg firma
12 følger dette firmaet

5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 47634541
Sist endret 4. apr. 2014 14:11

Rapporter annonse