Utløpt

Ledige sjukepleiarstillingar

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar Sykepleier
Frist
25.04.2014
Ansettelsesform
Fast

Finnøy kommune ligg sentralt til i Rogaland, med reisetid til/frå Stavanger på ca. 45 min. To av øyane er landfaste gjennom Finnfast. 
Dei andre øyane har godt utbygd transportnett med både ferjer og hurtigbåtar.  Kommunen har om lag 3000 innbyggjarar.

I Finnøy kommune spelar me på lag.  «Saman for folk i Finnøy», er vår visjon. 
Kommunen ønskjer medarbeidarar som er myndiggjorte, kompetente, engasjerte, fleksible og lojale

Me har 2 ledige sjukepleiarstillingar i 100 %

  1. Sjukepleiar 1 på Rehab avdeling ved Finnøy sjukeheim Ref.nr.: 14/328
    Fast fag/administrativ sjukepleiarstilliing, ledig snarast
    Dagtid med arbeid kvar 3. helg
    Arbeidsoppgåver er m.a.:
    - Fagleg ansvarleg og administrative oppgåver
    - Pleie og omsorg av pasientane i heimetenesta
    - Dokumentasjon i journalsystemet Profil
    - Oppgåver etter gjeldande funksjonsbeskrivelse for stillinga

    Kontaktperson: Einingsleiar Solfrid Skadsem, 51714752

  2. Offentleg godkjend sjukepleiar  Ref.nr.: 14/329
    Fast stilling i turnus med arbeid kvar 3. helg ledig snarast
    Stillinga er ved Finnøy pleie- og omsorgssenter avd. for langtidspleie
    Arbeidsoppgåver er m.a.:
    - Pleie og omsorg av pasientane på avdeling
    - Dokumentasjon i journalsystemet Profil
    - Oppgåver etter gjeldande funksjonsbeskrivelse for stilling.

    Kontaktperson: Einingsleiar Tone Amdal Skartveit, 51714751

For alle stillingane gjeld at personleg eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Ein forutset god motivasjon og evne til samarbeid på tvers av faggrupper,
dessutan gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Finnøy Pleie- og Omsorgssenter ynskjer medarbeidarar som:
 - likar utfordringar og er motiverte
 - tar initiativ og ansvar>
 - er fleksible
Me tilbyr:
 - Eit triveleg arbeidsmiljø
 - Sjølvstendig og variert arbeid i lag med gode arbeidskollegaer
 - Ein organisasjon i positiv utvikling

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
4160 Finnøy
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solfrid Skadsem
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
51 71 47 52
Kontaktperson
Tone Amdal Skartveit
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
51 71 47 51
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 47561571
Sist endret 1. apr. 2014 12:46

Rapporter annonse