Dagleg leiar
FJORDVEGEN RIKSVEG 13
- Frist 28.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer Dagleg leiar!
Dagleg leiar Fjordvegen Riksveg 13
Fjordvegen Riksveg 13 søkjer ein engasjert og målretta dagleg leiar i 70% stilling, supplert med 30% stilling som seniorrådgjevar i eit av dei tre regionråda Ryfylket iks, Hardangerrådet iks eller Sognarådet IPR.
Søkjar kan fritt velje eit av tre regionråd som kontor og arbeidsstad.
Om Fjordvegen Riksveg 13 og regionråda
Fjordvegen Riksveg 13 er ei medlemsforening beståande av Rogaland og Vestland fylkeskommune, 11 kommunar/herad, 3 regionråd, verksemder og organisasjonar langs riksveg 13. Arbeidet er retta mot to hovudmål:
1. Oppgradering og vedlikehald av riksvegen for å sikre ein trygg og standardisert veg gjennom heile strekninga.
2. Marknadsføring av vegen som ei effektiv og vakker transportåre, samt som den indre stamvegen mellom Stavanger og Sogndal.
Ryfylke IKS jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møte kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønskjer å bu og arbeide.
Hardangerrådet iks skal styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid mellom likeverdige partar, og skal vera eit supplement og ei støtte til kommunane si eiga verksemd.
Sognarådet har som mål å styrke regionen Sogn som ein attraktiv stad å bu, arbeide og besøke. Gjennom samarbeid om rekruttering, infrastruktur, omstilling og felles profilering, skal Sognarådet bidra til berekraftig utvikling og det gode liv for innbyggjarane og besøkjande.
Om stillinga
Vi ser etter ein leiar med relevant utdanning og erfaring, som i tett samarbeid med styret vil arbeide for utviklinga av riksveg 13, som strekkjer seg frå Stavanger til Sogndal.
Stillingsprosenten er fordelt slik:
- 70 % dagleg leiar i Fjordvegen Riksveg 13
- 30 % seniorrådgjevar i eit av dei tre regionråda Ryfylket iks i Hjelmeland, Hardangerrådet iks i Kinsarvik eller Sognarådet IPR i Sogndal
Vi søkjer deg som har erfaring og kompetanse innan politisk og offentleg påverknad, leiing og prosjektadministrasjon. Det er ein fordel om du har kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale prosessar innan veg og samferdsel.
Dagleg leiar rapporterer til styret i Fjordvegen Riksveg 13.
Stillings som seniorrådgjevar rapporterer til dagleg leiar i regionrådet.
Arbeidsoppgåver
- Relasjons- og nettverksbygging innan samferdselssektoren
- Offensiv bruk av sosiale medium
- Utforming av høyringsuttalar
- Utarbeiding og iverksetjing av handlingsplanar
- Budsjett- og resultatansvar
- Sakshandsaming for styre og årsmøte
- Medlemspleie og rekruttering av nye medlemmar
- Det må påreknast ein del reiseverksemd
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein person med følgjande kvalifikasjonar:
- Bachelorgrad eller tilsvarande utdanning, men formell utdanning kan erstattast med erfaring
- Erfaring med prosjektleiing og -administrasjon
- Innsikt i politiske og administrative prosessar
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, skriftleg og munnleg
- Erfaring med sakshandsaming
- Kunnskap om økonomistyring og administrasjon
- Evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig, men også i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert moglegheit for heimekontor
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Er du den rette for denne spanande og varierte stillinga?
Send oss din søknad med CV senast 28 augst.
Ikkje utsett å melde din interesse til tross for sommarferien.
Vi leser og vurderer fortløpande.
For meir informasjon, kontakt:
Rådgivar & Partner Per Jorem, 40 02 15 60 / per.jorem@capus.no
Styreleiar Marta Sofie Vange, 957 21 392 / martasvange@gmail.com
Dagleg leiar Ann Irene Myrhem, 90 99 19 56 / ann.myrheim@hardangerraadet.no
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Administrativ prosessstyring
- Digitale ferdigheter
- Økonomiske og administrative fag (AMO)
- Økonomistyring
- Prosjekteringsledelse
- Social Media
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kjobergbygget, 5782 Kinsarvik
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rådgivning
Nøkkelord
Relasjonsbygger, Nettverksbygger, Sosiale medier, Handlingsplan, Budsjettansvar
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 422592110
- Sist endret