Bilskadereparatør, bilmekanikar, lærlingar i fleire fag
Dimmelsvik BIl AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Har du lidenskap for bil og teknologi? Me søker ein dyktig og engasjert bilskadereparatør, bilmekanikar og lærlingar
Vil du jobba med ein av verdas sterkaste merkevare? No har du moglegheita!
Gjennom kontinuerleg forbetring og respekt for menneske ynsker me at våre kundar skal vere Noregs mest fornøgde bileigarar. Hjå oss vil du bli ein del av eit dyktig team på 26 tilsette. Til stillinga søkjer me deg som veit kor avgjerande kvalitet og god service er, og som har evner til å ivareta nye og eksisterande kunder gjennom heile kundereisa.
Du er interessert i og har vilje til å utvikla deg i faget. Det er fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Relevant praksis kan oppvega for fagutdanning.
Har du eit brennande ynskje om å jobba innanfor dette fagfeltet men ikkje har direkte erfaring ? Ta kontakt for ein prat så ser ein om vi har anna felles veg til det målet.
Arbeidsoppgåver bilskadereparatør og bilmekanikar
Bilskadereparasjoner, små og store skader
Service og reparasjoner på lette kjøretøy
Utføre kvalitetsarbeid etter produsent og importør sine retningslinjer
Sikra høg kvalitet på eige utført arbeid.
Ønskte kvalifikasjonar
Fagbrev eller anna relevant erfaring.
Er faglig dyktig, nøyaktig og effektiv.
Har høg arbeidskapasitet og er løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Er pliktoppfyllande og innehar høg serviceinnstilling
Er positiv og har gode samarbeidsevner
Førerkort klasse B
I stillinga tilbyr me
Moglegheit til å arbeide i ein spennande bransje som er inne i ein rivande utvikling.
Moglegheit til å arbeide med ein av verdas sterkaste merkevare
Ein variert, lærerik og utfordrande jobb i eit utvidet og oppgradert karosseriverkstad
Læra å bli godt kjent med Toyota sin servicefilosofi
God faglig støtte og spanande stilling med gode utviklingsmogelegheiter
Fagleg oppdatering og utvikling gjennom Toyotas opplæringsprogrammer
Ein veldig seriøs bedrift som investerer i og for framtida
Ei miljømedvite firma
Konkurransedyktig vilkår med pensjons- og forsikringsordningar
Bedriftshelseteneste og personalhytte
Hjå oss legg me stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhold
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Dimmelsvik Bil er eit bilsenter med tre hovudavdelingar. Det er bilverkstad, bilsal og bensinstasjon. Vi er 26 tilsette fordelt på fulltids- og deltidstilsette. Vi er ein Toyota-forhandlar, men reparerer alle bilmerke. Difor er vi også ein frittståande Mekonomomen-verkstad. Dimmelsvik Bil er også ein del av Jæger konsernet.
Jæger Automobil er eit selskap i Jægergruppen A.S. Jægergruppen er Vestlandets største bilforhandlar og fører merka Toyota, Lexus, BMW og Mini. Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Alver, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 250 tilsette og ei årleg omsetning på 1,7 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir fornøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Omvikdalsvegen 65, 5464 Dimmelsvik
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Annet, Mekaniker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bilskadereparatør, bilmekanikar, lærling, reparasjoner, kvalitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 420444119
- Sist endret