Fast 100 % stilling som fastlege i Gol kommune
Gol kommune
- Frist 10.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye lege?
Ved kommunelegekontoret på Gol er det ledig ei fast 100 % stilling som fastlege, med oppstart etter avtale. Kontoret har seks fastlegar, ein LIS1-lege og eit tverrfagleg miljø med brei fagkompetanse.
Stillinga er fastlønna, og har ei listelengde på om lag 1000 innbyggjarar. Det vil også inngå éin dag i veka som tilsynslege ved sjukeheimen.
Stillinga som fastlege omfattar også deltaking i Ø- hjelp på dagtid og full legevakt. Vi har legevaktsamarbeid med Nesbyen (8-delt vakt) på kveld, helg og høgtid. Nattlegevakt vert dekka gjennom interkommunalt samarbeid med base i nabokommunen Ål.
Ynskjer du eit spennande og variert legeliv og med gode samarbeidpartnerar, er dette ein god arbeidplass. Legekontoret vårt er moderne og godt utstyrt, mellom anna med digitalt røntgenutstyr og ultralyd.
Som fastlege hjå oss i Gol kommune vil du få høve til å utvikle deg fagleg og vere med på å byggje eit helsetilbod som gjer ein forskjell – midt i hjartet av vakre Hallingdal!
Arbeidsoppgåver
Fastlege for om lag 1000 innbyggjarar
Kommunale oppgaver, eksempelvis tilsynlege sjukeheim
Ø-hjelp på dagtid
Legevakt
Kvalifikasjonar
Lege med norsk autorisasjon
Gjennomført LIS1
Spesialist i allmennmedisin, eller under utdanning som spesialist i allmennmedisin
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B (nødvendig for legevakt)
Ønskjeleg med førarkort for utrykning (kode 160). Kommunen har eiga legebil godkjend som utrykkingskøyretøy.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
Har gode fagkunnskapar
Er sjølvstendig og ansvarsbevisst
Samarbeidar og kommuniserer godt med pasientar og kollegaer
Har interesse for fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø i trivelege lokale
Kollegial støtte og samarbeid
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Tverrfagleg samarbeid
Løn etter avtale
Anna informasjon
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat.
Velkomen som søkjar!
Ferdigheter
- Legetjeneste
- Legevaktarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 3550 Gol
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lege, fastlege, kommunelegekontor, sjukeheim, norsk autorisasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 417973934
- Sist endret