Selger og arrangementsplanlegger, resepsjonist
Hotel Union Geiranger AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer nye medarbeidarar til Hotel Union Geiranger!
Hotel Union Geiranger er eit familieeigd og tradisjonsrikt hotell med spektakulær beliggenheit midt i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Hotellet har over 200 rom, fleire restaurantar og barar, eiget spa, badeanlegg og ei sterk satsing på arrangement og opplevingar. No ser vi etter nye dyktige kollegaer til tre viktige roller:
Seljar og arrangementsplanleggar
Som seljar og arrangementsplanleggar vil du jobbe med sal og planlegging av arrangement som konferansar, bryllaup og grupper. Du har god struktur, trivst med kundekontakt og er flink til å sjå detaljer.
Arbeidsoppgåver:
Sal og oppfølging av arrangement og grupper
Planlegging og koordinering med ulike avdelingar
Kundedialog og tilrettelegging før og under arrangement
Utarbeiding av tilbod og kontraktar
Kven er du?
Du er serviceinnstilt, strukturert og god på kommunikasjon
Erfaring frå sal, hotell eller event er ein fordel
Du skriv og snakkar godt norsk og engelsk
Resepsjonist
Som resepsjonist er du ein nøkkelperson i møte med gjestane våre. Du skaper det viktige førsteinntrykket – med eit smil og god service.
Arbeidsoppgåver:
Innsjekk/utsjekk og generell gjesteservice
Telefonsamtalar og booking
Sal av opplevingar og produkt i resepsjonen
Enklare administrative oppgåver
Vi ser etter deg som:
Er blid, strukturert og serviceinnstilt
Har god IT- og systemforståing
Har gode språkferdigheiter (norsk/skandinavisk og engelsk)
Nattevakt
Som nattevakt er du ansvarleg for tryggleik og ro på hotellet gjennom natta. Du er tilgjengeleg for gjestar, tek deg av enkle resepsjonsoppgåver og held oversikt over huset.
Arbeidsoppgåver:
Ta imot seine gjester og svare på førespurnader
Enkle resepsjonsrutinar og rapportering
Tilsyn med hotellet og tryggleik
Enkle førefallande oppgåver
Vi ser etter deg som:
Er trygg, påliteleg og serviceinnstilt
Er sjølvstendig og komfortabel med å jobbe aleine
Har gode språkkunnskapar og gjerne erfaring frå resepsjon
Ferdigheter
- Ekspedisjonsarbeid
- Reservasjoner
- Salgserfaring
- Utarbeide kontrakt
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Hotel Union er eit familiedrive og heilårsope hotell som ligg majestetisk til over Geirangerfjorden – midt i hjartet av ein av Noregs mest ikoniske naturattraksjonar. Hotellet har lange tradisjonar, med historie tilbake til 1891, og har utvikla seg til å bli eit moderne fullservicehotell med 197 rom, restaurantar, barar, konferansefasilitetar og spaavdeling.
Vi tek imot gjestar frå heile verda og legg stor vekt på kvalitet, vertskap og gode opplevingar. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit engasjert og mangfaldig team som saman skapar minneverdige opphald for gjestane våre. Med spektakulære fjell, fossar og fjord rett utanfor døra, byr arbeidskvardagen i Geiranger på meir enn berre jobb – her er det også rikeleg med høve for friluftsliv og naturopplevingar på fritida.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Geirangervegen 100, 6216 Geiranger
- Bransje: Hotell og overnatting
- Stillingsfunksjon: Resepsjon, Salg
Nøkkelord
resepsjonist, arrangementsplanleggar, nattevakt, sal
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 417035975
- Sist endret