Ass. spaansvarlig/ Hud- og kroppsterapeut
Hotel Union Geiranger
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Union Spa – vi søkjer ass. spaansvarlig/ hud- og kroppsterapeut!
Er du fagleg trygg, serviceinnstilt og har ei roleg og profesjonell tilnærming til behandlingar? No har du sjansen til å bli ein del av teamet vårt i Union Spa – ein eksklusiv og avslappande del av Hotel Union Geiranger, midt i verdsarven.
Stilling: Assisterende spaansvarlig/ Hud- og kroppsterapeut
Oppstart: Snarleg
Varigheit: Sesong (moglegheit for forlenging)
Stad: Union Spa, Hotel Union Geiranger
Arbeidsoppgåver:
Utføre ansikts- og kroppsbehandlingar etter våre standardar
Utføre klassisk massasje
Sal av produkt og behandlingar
Bidra til at våre gjestar får ei avslappande og profesjonell oppleving
Oppfølging og vedlikehald av behandlingsrom og spa-avdeling
Vi ser etter deg som:
Er utdanna hud- eller kroppsterapeut (eller begge deler)
Har erfaring frå liknande arbeid
Har evne til å skape ro, tillit og velvære hos kundane
Er positiv, fleksibel og likar å jobbe i team
Kommuniserer godt på norsk eller engelsk
Vi tilbyr:
Jobb i eit moderne og veletablert spa, i spektakulære omgjevnader
Gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
Variert arbeidskvardag med ulike behandlingar og kundar
Konkurransedyktige vilkår og moglegheit for personalbustad
Ferdigheter
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Massasje
- Produktsalg
- Stell og inventar av rom
- Utføre ansiktsbehandling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Hotel Union er eit ærverdig og moderne hotell i hjartet av Geiranger – ein av Noregs mest ikoniske turistdestinasjonar og del av UNESCO si verdsarvliste. Hotellet har 197 rom, restaurantar, barar, kurs- og konferansefasilitetar, og eit eige veteranbilmuseum.
Union Spa er hotellet si eiga spa-avdeling – ei roleg oase med bassengområde, velværeavdeling, behandlingstilbod og treningsrom. Vi tilbyr behandlingar av høg kvalitet og nyttar produkt frå anerkjende leverandørar. Her kjem gjestene for å slappe av, hente seg inn og nyte fjordutsikt, ro og luksus.
Vi har eit internasjonalt og inkluderande arbeidsmiljø, og som del av vårt team vil du få jobbe i spektakulære omgjevnader – med kvalitet, omsorg og gode gjesteopplevingar i sentrum.
- Sektor: Privat
- Sted: Geirangervegen 100, 6216 Geiranger
- Bransje: Velvære
- Stillingsfunksjon: Hudpleie og Massasje
Nøkkelord
hudterapeut, kroppsterapeut
x (1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 416740910
- Sist endret