Økonomiansvarleg
Skjåk Almenning
- Frist 15.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med på laget med å forvalte Noregs største private eigedom
Her får du meir enn berre ei økonomistilling - du blir ein del av eit stort fagmiljø midt i fjellbygda!
I Skjåk Almenning får du moglegheita til å kombinere ansvar og fagleg fordjuping med ein variert og meiningsfull kvardag. Du får vere tett på avgjerder og utvikling, i ei rolle der du verkeleg får påverke. Her jobbar vi ikkje berre med tal – vi jobbar med verdiskaping for lokalsamfunn, natur og framtid.
Om stillinga - ansvar, påverknad og fagleg breidde
Stillinga omfattar både rekneskapsføring og overordna økonomileiing i Skjåk Almenning, samt leveranse av rekneskapstenester til våre dotterselskap og samarbeidande verksemder. Du får ei sentral rolle og vil rapportere direkte til dagleg leiar. Administrasjonen består av seks dedikerte tilsette, og vi held til i trivelege lokale saman med fleire andre kompetansebedrifter. I same bygg finn du mellom anna Statens naturoppsyn (SNO), Glommen Mjøsen Skog SA, forvaltaren for Breheimen Nasjonalpark, Den Norske Turistforening (DNT) og Skjåk IL – eit levande og fagleg sterkt miljø.
Arbeidsoppgåver:
Overordna fagansvar for rekneskap
Rekneskapsførsel A-Å
Budsjett og rekneskapsavslutning
Fakturering og løn
Økonomiske analyser
Oppfylging av pensjonsordningar og forsikringar
Vi ynskjer deg som har:
Vi ser etter deg som har solid erfaring innan rekneskap og økonomistyring – og som trivst med både detaljar og heilskap. Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg, og er ein trygg og sjølvstendig fagperson som får ting gjort. Du er engasjert, samarbeidsvillig og fleksibel, og du har ei naturlig evne til å skape struktur og framdrift – også når dagane er varierte og tempoet høgt.
Vi tilbyr:
Fast tilsetting i 100 % stilling
Spennande og sjølvstendig arbeid i ei solid bedrift
Godt og kompetent arbeidsmiljø
Påvirkningskraft for å utvikle bedriftene
Fleksibel arbeidstid
Delvis heimekontor om ynskjeleg
Moglegheit for andre arbeidsoppgåver i bedriftene
Løn og andre vilkår etter avtale
Ønskjer du meir informasjon? Ta kontakt med Astrid Bjørnstad på tlf. 90 21 71 04
For å søkja stillinga nytt link på sida
Ferdigheter
- Bruke regnskapssystemer
- Budsjettering
- Fakturering
- Lønnsregnskap
- Økonomistyring
- Pensjonssystem
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Skjåk Almenning er Noregs største private eigedom og bygdeallmenning. Med sine 2 millionar dekar er området eit eldorado for jakt, fiske og aktivt friluftsliv. Utmarkseigedommen har store ressursar, der eigedomsforvaltning og bruksrettsforvaltning, hytteområde, jakt, fiske og skogbruk er viktig. Almenninga er også ein sentral utviklingsaktør i Skjåk kommune.
- Sektor: Privat
- Sted: Industrivegen 10, 2690 Skjåk
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Økonomi og regnskap, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Lønn, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Budsjettarbeid, Økonomileiar, Økonomistyring, Økonomi, Regnskap
Arbeidsplass til økonomiansvarleg (1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 416202941
- Sist endret