Lærling i Service og administrasjonsfaget
Bjørnafjorden kommune HR-avdelinga
- Frist 17.08.2025
- Ansettelsesform Lærling
Vil du bli lærling i ein kommune i vekst?
Som lærling i service og administrasjonsfaget får du ta del i dagleg drift av ein stor organisasjon, og vere med på å utvikle Bjørnafjorden kommune inn i framtida.Kanskje er det deg?
Som lærling i service og administrasjonsfaget vil få erfaring med eit vidt spekter av arbeidsoppgåver, rutinar og digitale system som blir brukt i administrasjonen av ein moderne kommune.
Du vil vere tilknytta HR-avdelinga, der vi har ansvar for lønn, personal, organisasjonsutvikling og IT. Du vil og få jobbe med administrative oppgåver i andre avdelingar i kommunen. Som lærling vil du få god kjennskap til offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk.
Bjørnafjorden kommune kan tilby ein spennande læreplass, eit inkluderande arbeidsmiljø og kjekke kollegar å samarbeide med i kvardagen.Vi gler oss til å ønske deg velkommen på laget vårt!
Arbeidsoppgåver du vil få erfaring med
- Postmottak, arkivering, skanning, journalføring og enklare saksbehandling
- Personaladministrasjon og rekruttering
- Brukarstøtte og kundeservice
- Betjene sentralbord og kundetorg
- Rekneskap- og økonomioppgåver
Kvalifikasjonar du må ha for å søke læreplass
- Fullført og bestått VG2 Service, sikkerhet og administrasjon. Anna relevant skulegang og arbeidserfaring kan bli vurdert
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
- Dersom du søker plass som lærekandidat, må dette komme tydeleg fram i søknaden
Vi ser etter deg som
- Er motivert for å lære og har interesse for service- og administrasjonsfaget
- Har godt humør, likar å hjelpe og finne gode løysingar saman med andre
- Har interesse for digitale løysingar
- Kan jobbe sjølvstendig og følge planar og tidsfrister
- Er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Spennande og relevante arbeidsoppgåver innanfor personal, økonomi, administrasjon og arkiv
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med gode kolleger
- Systematisk oppfølging i læretida
- Løn etter gjeldande avtale
- Eigne samlingar for lærlinger
Som lærling i Bjørnafjorden kommune må du kunna identifisera deg med verdiane våre; Vi lyttar med respekt, vi finn smarte løysingar, vi gjer det vi seier og vi er inkluderande.
Vi ønsker å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Arkivarbeid
- Betjene sentralbord
- Bokføring
- Norsk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Personaladministrasjon
- User support
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
Nøkkelord
lærling, service, administrasjon, kontor, HR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415479690
- Sist endret