On-site teknikar
Helse Vest IKT
- Frist 01.08.2025
- Ansettelsesform Fast
On-site teknikar
Seksjon for Lokalstøtte har ansvar for drift og forvalting av sluttbrukarutstyret i Helse Vest. Dette er utstyr som vert nytta i det daglege, som for eksempel PC, skjerm, tastatur, mus, skrivar, skannar og strekkodelesar. Seksjonen består av 32 teknikarar, og desse er fordelt mellom byane Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er at tilsette i sjukehusa på Vestlandet skal ha velfungerande og trygge IKT-arbeidsverktøy.
Vi søkjer etter ein teknikar til drifta i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, nettbrett, betalingsterminalar, sjølvbeteningsautomatar m.m.
- Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
- På staden kundeoppfølging og kundemottak.
- Deltaking i prosjekt.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr.
- Kunnskap og erfaring i feilsøking på Windows-operativsystem.
- Erfaring med kundebehandling.
- Erfaring frå stordriftsmiljø er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Fagbrev innanfor relevante fag er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi legger stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehusa
- jobbar godt i team men også sjølvstendig
- er positiv og initiativrik
- er open og svolten på ny kunnskap og teknologi
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Datamaskinutstyr
- Feilsøking og reparasjon av elektronisk utstyr
- Montere teknisk utstyr
- Reparere IKT-enheter
- Teknologisk maskinvare og utstyr
- Vedlikeholde datamaskinvare
- Windows Operating System Fundamentals
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ibsens gate 104, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT, IT - maskinvare
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Tekniker, On-site, Sluttbrukerutsyr, Helse Vest IKT, Maskinvare
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414912722
- Sist endret