Kyrkjeverje / kyrkjelydarbeider
Valle kommune
- Frist 03.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Kyrkjeverje / kyrkjelydarbeider
Er du vår nye daglege leiar?
Har du interesse for peronalleiing, økonomi og administrasjon kan dette vere noko for deg.
Ledig 100 % stilling som kyrkjeverje / kyrkjelydsarbeidar frå 1.september. Stillinga er fordelt på 60 % kyrkjeverje og 40 % kyrkjelydsarbeidar.
Deltidsstilling som kyrkjeverje kan vere aktuelt.
Arbeidsoppgåver
- Personalleiing
- Budsjett og økonomistyring
- Sakshandsaming og sekretærfunksjon for soknerådet, samt oppfylgjng av vedtak
- Drift og vedlikehald av kyrkjene
- Administrativt arbeid knytt til gravplassane. Kommunen utfører alt det praktiske arbeidet ved bruk av kommunalt tilsette
- Samarbeid med kommunale einingar og leiinga i kommunen. Kommunen utfører tenester på reknskapsføring og lønskøyring.
- Informasjonsarbeid
- Kyrkjelydsarbeid
Soknet har eit tett samarbeid med nabosoknet Bykle.
Du finn meir informasjon på heimesida vår https://valle.kyrkja.no/
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning frå universitet / høgskule. Relevant røynsle kan kompensere for formalkompetanse
- God datakunnskap. IT plattform frå IKT Agder, HR portalen og program frå Vitec Agrando
- Røynsle frå personalleiing, strategi, budsjett og økonomi
- Kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd og organisasjon
- Innsikt i offentleg politikk og forvaltning
- Røynsle frå frivillig arbeid i lokal kyrkjelyd, idretts- og anna organisasjonsliv er ein fordel
Personlege eigenskaper
Valle og Hylestad sokneråd søkjer etter ein engasjert og motivert kyrkjeverje/kyrkjelydsarbeider for å take vare på kyrkja sine mange ulike oppgåver og funksjonar.
Vi søkjer etter ein person som er serviceinnstilt, sjølvstendig og pliktoppfyllande.
- Fleksibel og engasjert medarbeider som kan vere med å utvikle kyrkja i Valle
- Vi legg vekt på at du er rett person for jobben.
- Må vere medlem i DNK
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevne. Nynorsk blir nytta.
- Ha førerkort kl B og disponere eigen bil
- Legge fram politiattest ved tilsetjing.
- Kunne jobbe sjølvstendig, er tydeleg og strukturert i sitt arbeid
- Må Jobbe godt i team
Vi tilbyr
Ei spanande, meiningsfylt, interessant og sjølvstendig stilling i eit raust arbeidsmiljø prega av tilsette som i stor grad arbeider sjølvstendig, men og i team.
Løn etter avtale. Øvrige arbeidsvilkår etter gjeldande lov og tariffavtale. Gode forsikrings- og pensjonsordninar gjenom KLP.
FerdigheterAI-generert
- Forvaltningskompetanse
- Økonomistyring
- Sekretariat
- Software Platform
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nordibøvegen 141, 4747 Valle
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414901082
- Sist endret