Fagarbeidar/assistent - Lysekloster barnehage
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
- Frist 29.06.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi har ledig fast 100% stilling frå 17.09.25. Stillinga kan bli ledig tidlegare.
Barnehagen har 5 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, og 3 avdelingar er for barn i alderen 3-6 år.
Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre.
Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø.
Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsstad
Lysekloster barnehage. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde.
Arbeidsoppgåver
Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
Bidra til eit godt foreldresamarbeid
* Bidra til eit godt språkleg miljø
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg, men anna utdanning/erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
* Er engasjert, sjølvstendig og fleksibel
Har godt overblikk og ser kva som trengs der og då.
Trives i ein travel, men innhaldsrik barnehagekvardag.
Har gode evner til samarbeid
Har godt humør, positiv innstilling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
* Er god på å skape relasjonar
* Er ein god språkmodell
* Er glad i å vera ute
Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Aktive og varierte kvardagar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Kontaktperson
Liv Wallem, barnehagestyrar, tlf: 56 57 33 70, mobil: 90613587,
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Småbarnsopplæring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Edne 19, 5215 Lysekloster
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
Nøkkelord
barnehage, fast, fagarbeider, småbarn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413315134
- Sist endret