Vektar
Helse Bergen HF
- Frist 21.07.2025
- Ansettelsesform Fast
Vektar
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift Sikkerheit har 3 seksjonar, seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.
Vi ser etter deg som har vektarutdanning og gjerne erfaring innan fagområdet. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar.
Vi har ledig 100% fast stilling som vektar.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjonsteneste i Sentralblokka og Glasblokkene
- Rutinekontrollar av sjukehuset sine bygg og eigedommar
- Utrykkingsteneste på ulike typar alarmar t.d. innbrot, brann, teknisk, utagerande pasientar
- Sikkerheitsvakt på utagerande pasientar
- Handtering av parkeringsanlegg
- Beredskap ifm. helikopterdrift (HLO)
- Til tider er arbeidet fysisk krevande
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha Førarkort kl B
- God vandel (det vil bli krav om uttømmande politiattest før tilsetting)
- Søkar må kunne sikkerheitsklarerast
- Vektarkurs (fullstendig vektarkurs, alle modular). Bestå re-godkjenning kvart 4 år
- Ønskeleg med fagbrev i sikkerheitsfaget
- Teknisk innsikt og grunnleggande datakunnskapar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå vektaryrket er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er ærleg og lojal
- Du er serviceinnstilt
- Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig
- Du har høg grad av ansvarskjensle og personleg initativ
- Du har evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Du har evne til å halde hovudet kaldt og opptre roleg og beherska i utfordrande situasjonar
- Du er i god fysisk form
Vi tilbyr
- Ein utfordrande jobb i eit godt fagleg miljø med hyggelege kollegaer
- God opplæring
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Dataferdigheter
- Godkjent vekterutdannelse
- Sikkerhetsklarering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Vakt og sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vekter, vektar, Haukeland sykehus, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413013482
- Sist endret