Driftsingeniør/prosjektleiar
Hemsedal kommune
- Frist 22.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Driftsingeniør/prosjektleiar vatn og avløp (VA)
Dersom du ønskjer ein arbeidsdag fylt med varierte oppgåver og spennande utfordringar, innan eit fagfelt som forvaltar dei største verdiane i kommunal infrastruktur, kan dette vere jobben for deg! Kvar dag sørgjer vi for trygt og godt drikkevatn til innbyggjarane våre, og handterer avløpsvatn for å hindre ureining.
Hemsedal kommune har ledig 100 % fast stilling som driftsingeniør/prosjektleiar innan vatn og avløp (VA) ved eininga for Teknisk drift.
Vi ser etter ein positiv og serviceinnstilt person med stor interesse for faget, og eit ønskje om å samarbeide med andre i eit sterkt og godt arbeidsmiljø.
Verksemda sine oppgåver omfattar alt frå saksbehandling og oppfølging av den daglege drifta av kommunen sitt VA-anlegg. Avdelinga har òg ansvar for gjennomføring av kommunale investeringar innan veg og VA, VA-kartverk, oppfølging og overtaking av VA-anlegg, utbyggingsavtalar og utsending av kommunale VA-gebyr.
Arbeidsoppgåver
Dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av avløpsreinseanlegg, høgdebasseng, pumpestasjonar, leidningsnett og vassbehandlingsanlegg i tett samarbeid med driftsleiar og anna driftspersonell
Delta i kommunen si beredskapsvaktordning i tråd med gjeldande avtale
Systemansvar for FDV-system
Behandling av innmålingsdata og oppdatering av kommunen sitt VA-kartverk
Ansvar for prøvetaking, prøvetakingsplanar, oppfølging av analysar og rapportering i samsvar med krav frå myndigheiter og internkontrollsystem
Saksbehandling knytt til mellom anna utbyggingsavtalar og overtaking av VA-anlegg, tilkopling til kommunalt nett og andre spørsmål innan VA
Bidra til utarbeiding, oppdatering og gjennomføring av hovudplanar for vatn og avløp
Oppdatering av kommunen sine nettsider for VA
Oppfølging av investerings- og rehabiliteringsprosjekt innan veg og VA i tett samarbeid med driftsleiar og verksemdsleiar
Bidra til budsjettering og økonomioppfølging saman med verksemdsleiar
Andre relevante arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Ansvar og arbeidsoppgåver kan tilpassast den aktuelle søkjaren ut frå erfaring og interesse.
Arbeidstid
Måndag til fredag Kl. 07:00 - kl. 15:00. Deltaking i beredskapsvaktordning med ei vekesvakt ca. kvar 4 veke frå fredag til fredag mellom kl. 15:00-07:00. Beredskapsvakt har heimevakt med responstid på maks 1 time.
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan relevant fagområde er ønskjeleg. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning, og praksis innan fagområdet vil bli vektlagd
Relevant arbeidserfaring innan VA-drift, prosjektleiing og kommunalteknikk, samt kjennskap til kommunal forvaltning og saksbehandling
God kjennskap til relevante lover og forskrifter (mellom anna forureiningsforskrifta og drikkevassforskrifta)
Gode datakunnskapar og erfaring med digitale verktøy
Erfaring med FDV-system og bruk av kartverktøy
Erfaring frå prosjektarbeid og tverrfagleg samarbeid
Utdanning/erfaring innan beredskapsarbeid
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Førarkort klasse B er eit krav
Personlege eigenskapar
Strukturert, løysingsorientert og serviceinnstilt
Sjølvstendig og initiativrik
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Trivst med variasjon og fleire parallelle oppgåver
Interesse for fagleg utvikling og forbetringsarbeid
Personlege- og sosiale eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
ein spennande arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
gode pensjons- og forsikringsordningar
arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Krav til helsedokumentasjon
Ved tilsetting er det krav om eigenmelding om Tuberkulose. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsett for smitterisiko.
Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Vitnemål og attester skal lastas opp som en del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Ferdigheter
- Drift av vann og avløp
- Prosjektledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hemsedal kommune har rundt 300 tilsette som jobbar for å ha eit godt tenestetilbod for alle innbyggjarane, uansett alder og bustad. Folkehelse er eit satsingsområde i Hemsedal, og her er eit godt utbygd trenings- og aktivitetstilbod. Kvart einaste år flyttar det menneske frå andre delar av landet, og utlandet, til Hemsedal. Ein viktig føresetnad for Hemsedal som samfunn, er at me legg til rette for folk som bur og flyttar hit, slik at dei trivst og bli verande.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kommunal infrastruktur, drikkevatn, avløpsvatn, teknisk drift
Totten (1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 411240211
- Sist endret