Spesialkonsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 8.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Kundebehandlar
Ønskjer du å bidra til å gje gode kundeopplevingar for dei kollektivreisande i Vestland? Er du glad i kundekontakt og trivast i ein hektisk arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Vi har ledig stilling som kundebehandlar og søkjer deg som har ei utprega serviceinnstilling og gode kommunikasjonsevner.
Skyss kundeservice er kollektivtrafikken i Vestland sitt ansikt ut, og eit viktig kontaktpunkt for dei kollektivreisande i fylket. Skyss er ei verksemd i stor endring og utvikling. Vi har eit krevjande samfunnsoppdrag og det er eit stort behov for å levere relevant og god kundeservice. Kundebehova endrar seg, og sjølv om bruk av digitale kanalar aukar, så aukar samstundes etterspurnaden etter god service i tradisjonelle kanalar som e-post, telefon og kundesenterskranke. For å levere godt på dette oppdraget treng vi tilstrekkeleg kapasitet og god kompetanse i kundesevice.
Arbeidsoppgåver
Som vår nye kundebehandlar er du eit viktig kontaktpunkt for dei kollektivreisande i fylket, og eit av kollektivtrafikken i Vestland sine ansikt ut. Du er med på å gje kundane gode opplevingar og sikre god service i alle våre kanalar.
Du vil få ein arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver:
Ivareta kundeførespurnader, innspel og samtalar i eit høgt tempo
Aktivt bidra til at kundar tar i bruk digitale kanalar
Levere kvalitet i arbeidet, og ta ansvar for å bidra til eigne og faggruppa sine mål
Gi kundane nødvendig informasjon om rutetider, reisealternativ, billettsystemet og eventuelle endringar i tenestetilbodet
Bidra til digitalisering og kontinuerleg forbetring i kundeservice
Kvalifikasjonar
Vi treng deg som har høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande innan administrative fag.
Særs gode kommunikasjonsevner i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
God kjennskap til IT verktøy som Microsoft office
Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav at du har erfaring med liknande arbeid innan kundeservice
Personlege eigenskapar
I høg grad serviceinnstilt og oppriktig glad i å hjelpe mennesker
God til å utarbeide, oppsøkje og finne informasjon
Aktiv bidragsytar, løysingsorientert og god til å ta initiativ
Sjølvstendig, positiv og imøtekomande
Ønskjer å bygge opp kollegane rundt deg, og skape eit best mogleg arbeidsmiljø
Trivast i eit hektisk miljø, med stadige endringar
Vi tilbyr
Ei fagleg utfordrande og spennanda stilling med stor samfunnspåverknad
Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
Moglegheit for å utvikle seg fagleg
Lønn etter avtale
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsstad sentralt i Bergen sentrum på Vestlandshuset og Bergen busstasjon
Andre opplysningar
Kvalifiserte søkjarar utan bachelorgrad, men med høg relevant realkompetanse kan og bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
Du vil inngå i ein turnus med utgangspunkt i opningstida vår (mandag til fredag 07:00 til 19:00, lørdag 09:00 til 16:00, og søndag 10:00 til 16:00). Vi har søndagsope på helligdagar
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Bruke verktøy
- Digitalisering
- Microsoft Office
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kontorarbeid, Kundeservice, Sentralbord
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kundeservice, Kunderågdgiver, Kollektivtransport, Skyss
Annonseinformasjon
- FINN-kode 408089333
- Sist endret