Ingeniør - Prosjektleiar
Sygnir
- Frist 10.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Ta del i framtidsretta energiprosjekt i Sogn
Me i Sygnir jobbar med små og store, framtidsretta prosjekt. Hjå oss møter du eit engasjert og sosialt arbeidsmiljø med dyktige prosjektleiarar og ingeniørar. Du får utvikle deg både fagleg og som leiar.
I Sygnir bidreg me til det grøne skiftet – ikkje på papiret, men i praksis. Me drifter og moderniserer det brattaste straumnettet i Noreg, og står framfor store investeringar i framtidsretta energiløysingar. No søkjer me ein dyktig prosjektleiar som vil styrke satsinga vår på utbygging av distribusjonsnettet.
Fritidstilboda har du like utanfor kontordøra, på kort tid er du ved fjorden eller på 1000 høgdemeter og kan heile året boltre deg på tallause stiar og fjelltoppar.
Din arbeidskvardag
Som prosjektleiar blir du ein sentral del av arbeidet med å realisere framtidas energiløysingar. Hos oss jobbar me tett saman i eit sterkt fagmiljø, og du får høve til å byggje relasjonar og dele kunnskap med både kollegaer og eksterne partnarar.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Leie prosjekt frå start til slutt – frå planlegging og berekningar til gjennomføring og ferdigstilling
- Gjennomføre tekniske og økonomiske analysar som grunnlag for beslutningar
- Sikre framdrift og kvalitet i prosessar på tvers av fagmiljø og samarbeidspartnarar
- Bidra til utvikling av metodar, arbeidsprosessar og prosjektpraksis
- Vere ein pådrivar for løysingsorientert gjennomføring og leveransar av høg kvalitet
Ønska kvalifikasjonar og fagleg bakgrunn
Me ser etter deg som har utdanning som fagskuleingeniør, bachelor eller master innan elkraft/energi og miljø. Du har gjerne erfaring frå prosjekt innan fornybar energi eller infrastruktur. Du har evne til å sjå heilskap og drive prosjekt framover på ein målretta måte, samtidig som du kommuniserer godt på norsk – både munnleg og skriftleg.
Er du den me ser etter?
Er du trygg i faget ditt, likar å jobbe i team og tek ansvar når det trengst? Har du lyst til å jobbe med noko som betyr noko – saman med folk som bryr seg om både kvarandre og jobben sin? Då trur me du vil trivast hos oss i Sygnir.
Me trur på at mangfald styrkar oss, og ynskjer alle kvalifiserte søkarar uansett bakgrunn og erfaring velkommen.
Ta kontakt med avdelingsleiar for distribusjonsnettet Vidar Øvretun på tlf. 91708418 for meir informasjon.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
FerdigheterAI-generert
- Analyse av økonomisk ytelse
- foreta kalkulasjoner
- Fornybare energiteknologier
- Metodeutvikling
- Norsk
- Prosjekteringsledelse
- Teknisk aksjeanalyse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 160 ihuga medarbeidarar.
Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift.
Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi. Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
- Sektor: Privat
- Sted: Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ingeniør, elkraft, prosjektleiar, fornybarenergi, nettanlegg
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 407991452
- Sist endret