Overlege og Fagleg leiar for Nasjonalt kvalitetsregister for ECT.
Helse Bergen HF
- Frist 28.05.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagleg leiar for Nasjonalt kvalitetsregister for ECT kombinert med overlegestilling
ECT er ein medisinsk behandlingsform der det i narkose blir gitt ein kontrollert mengde straum til hjernen for å utløyse eit generalisert epileptisk anfall. Hovudindikasjonen for behandlinga er alvorleg depresjon med eller utan psykosesymptom. I regi av Helse Vest har dei kliniske miljøa i Noreg tatt initiativ til å opprette eit nasjonalt kvalitetsregister for ECT. Registeret fekk våren 2022 status som nasjonalt kvalitetsregister og er tilknytt Seksjon for nevrostimulerande behandling i Avdeling psykosomatisk medisin (lokalisert på Haukelandsområdet, Glasblokken).
Vi søkjer no etter fagleg leiar i 50% stilling, kombinert med 50% overlegestilling ved Avdeling psykosomatisk medisin eller 50% overlegestilling ved Avdeling stemningslidingar, som for tida er lokalisert på Sandvikenområdet. Stillinga gir ei unik moglegheit til å kombinere klinisk arbeid og fagleg leiing av registeret.
Registerleiar vil ha det faglege ansvaret for innhaldet i registeret og bidra til at registerdata blir nytta til kvalitetsforbetring og forsking, både lokalt ved enkelte sjukehus og nasjonalt. ECT-registeret er sentralt i fagmiljøet, og registerleiar vil bidra til utviklinga av fagmiljøet, blant anna gjennom faglege møter og konferansar.
Avdeling psykosomatisk medisin består av 3 seksjonar. Seksjon for nevrostimulerande behandling tilbyr elektrokonvulsiv terapi (ECT) og er i ein prosess med reetablering av behandling med transkraniell magnetstimulering (TMS) til pasientar hovudsakleg med depresjon. Seksjon konsultasjonspsykiatri gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland Universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sjukehus, og har poliklinikk for psykosomatiske problemstillingar. Seksjon for alderspsykiatri behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Seksjonen har 12 senger, poliklinikk og ambulant team. Avdelinga har eit engasjerande og godt arbeidsmiljø, og vi tilbyr ein spennande jobb med høve til å vere med på å utvikle det faglege tilbodet ved avdelinga.
Avdeling stemningslidingar har to døgnseksjonar med til saman 23 senger og tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Seksjonane gir også behandling av bipolar mani og hypomani ved hjelp av virtuell mørkebehandling (kronoterapi). Avdeling stemningslidingar (ASL) er ein godt fungerande og attraktiv avdeling i Psykiatrisk klinikk. Me har eit godt og robust fagmiljø. Du vil jobbe i lag med høgkompetente kollegaer som ønskjer å stå saman, verdsetje kvarandre og som trivst i lag.
Andre avdelingar i psykiatrisk klinikk er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og Regional avdeling for spiseforstyrringar (RAS).
Søkjarar som berre vil jobbe 50% i klinikk ved Avdeling stemningslidingar blir også oppfordra til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Kvalitetsregisteret:
- Ha overordna ansvar for fagleg utvikling og drift av registeret
- Saman med registerkoordinator vidareutvikle registeret i henhald til formål, lovverk og registerets vedtekter
- Representere registeret i offentlege utval, styrar og overfor media
- Representere registeret i samarbeidet med andre nasjonale, nordiske og internasjonale register
- Vere stadleg ansvarleg for å oppfylle databehandlingsansvaret
- Bistå med og førebu regelmessige møter med registrarer og ECT-ansvarlege
- Videreutvikle nasjonalt registernettverk for ECT-klinikarar
- Ha ansvar for det medisinskfaglege innhaldet i registeret og i rapportar, og bistå registerkoordinator med utforming av fagleg årsrapport
Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest har kompetanse innanfor registeroppbygging og registeradministrasjon, jus, IKT, statistikk, analyse og kvalitetsforbetringsmetodikk, og gir bistand innanfor desse områda.
I klinikk:
- Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Rettleiing av LIS
- Kunnskapsformidling internt og eksternt
- Medverke til utvikling av tenestetilbodet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
- Klinisk erfaring med ECT som behandlingsform vil bli vektlagt
- Erfaring frå arbeid med helseregistre eller andre store datasett er ønskjeleg
- Ønskjeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med stemningslidingar
- Fordel med erfaring frå sjukehusnivå
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Har engasjement for faget
- Er fleksibel og har evne til utvikling og omstilling
- Har gode samarbeidsevner, og evne til nettverksbygging
- Er løysingsorientert.
- Liker å jobba sjølvstendig
- Har god gjennomføringsevne, er kreativ og nytenkjande
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God fagleg oppfølgjing
- Spennande nettverks- og utviklingsoppgåver på lokalt og nasjonalt nivå
- Utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
FerdigheterAI-generert
- Behandling innen psykisk helsevern
- Forbedring av kvalitet
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, faglig leder ECT, Fagleg leiar ECT, nevrostimulerende behandling, stemningslidelser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406834153
- Sist endret