Seksjonsleiar - kulturutvikling
Vestland fylkeskommune
- Frist 27.05.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar - kulturutvikling
Har du lyst til å vere med å forme og utvikle Vestland fylkeskommune, og vere med å arbeide med spanande leiarutfordringar i sterke fagmiljø med engasjerte tilsette?
Vi har ledig 100% stilling som seksjonsleiar ved seksjon for kulturutvikling. Seksjonsleiar vil ha personalansvar for 9 tilsette. Tenestestad er Bergen. Det må påreknast noko reising i heile Vestland.
Vi ønskjer ein tydeleg og inkluderande leiar som vil setje retning, engasjere og samhandle for å utvikle seksjonen og bidra til å oppfylle samfunnsoppdraget. Kompetent, open og modig er verdiane i Vestland fylkeskommune, og desse skal vere grunnlaget for all leiing.
Regional kulturplan for 2023 - 2035 er vedtatt for Vestland fylkeskommune, og arbeidet vert naturleg knytt til vedteken politikk innan feltet kulturutvikling. Den som vert tilsett vil ha ansvar for systematisk dialog og samarbeid med statlege, regionale og kommunale organ, gi støtte til, og vere pådrivar i det regionale og kommunale utviklingsarbeidet.
Det vil også vere høve til å bidra til nasjonalt utviklingsarbeid innan fagområda.
Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk språk.
Arbeidsoppgåver
- utvikle seksjonen i samsvar med mål og visjon for avdelinga og fylkeskommunen
- ta del i arbeidet i direktør si leiargruppe
- leie strategi- og utviklingsprosessar i seksjonen
- personal- og økonomistyring
- produsere politiske saker innan saksfelta
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg at du:
- har utdanning på masternivå innan eit av fagområda
- relevant leiarerfaring og leiarutdanning
- har kjennskap til saksfelta og relevant erfaring
- har praksis frå leiing, utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar
Det er ønskjeleg at du:
- set tenestene i sentrum for seksjonen sitt arbeid
- har gode leiareigenskapar
- byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
- opptrer tydeleg som arbeidsgjevar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
Vi tilbyr
- løn etter kvalifikasjonar og avtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fleksibel arbeidstid
Vi gjer merksam på
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort
sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla
på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
FerdigheterAI-generert
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, Kultur, Administrasjon, Stab, Økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406721323
- Sist endret