Bilmekanikar/Fagteknikar
Toyota Norheimsund
- Frist 31.5.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer ein dyktig og engasjert bilmekanikar / fagteknikar med lidenskap for bil og teknologi.
Vil du jobba med ein av verdas sterkaste merkevare? No har du moglegheita!
Gjennom kontinuerleg forbetring og respekt for menneske ynsker me at våre kundar skal vere Noregs mest fornøgde bileigarar. Hjå oss vil du bli ein del av eit dyktig team på over 10 tilsette. Til stillinga søkjer me deg som veit kor avgjerande kvalitet og god service er, og som har evner til å ivareta nye og eksisterande kunder gjennom heile kundereisa.
Du er interessert i og har vilje til å utvikla deg i faget. Det er fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Relevant praksis kan oppvega for fagutdanning.
Arbeidsoppgåver
Service, vedlikehold og reparasjoner
Diagnose og feilsøking
Utføre kvalitetsarbeid etter produsent og importør sine retningslinjer
Sikra høg kvalitet på eige utført arbeid.
Ønskte kvalifikasjonar
Fagbrev eller anna relevant erfaring
Er faglig dyktig, nøyaktig og effektiv.
Har høg arbeidskapasitet og er løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Er pliktoppfyllande og innehar høg serviceinnstilling
Er positiv og har gode samarbeidsevner
Førerkort klasse B
I stillinga tilbyr me
Moglegheit til å arbeide i ein spennande bransje som er inne i ein rivande utvikling.
Moglegheit til å arbeide med ein av verdas sterkaste merkevare
Læra å bli godt kjent med Toyota sin servicefilosofi
God faglig støtte og spanande stilling med gode utviklingsmogelegheiter
Fagleg oppdatering og utvikling gjennom Toyotas opplæringsprogrammer
Ein veldig seriøs bedrift som investerer i og for framtida
Ei miljømedvite firma
Konkurransedyktig vilkår med pensjons- og forsikringsordningar
Bedriftshelseteneste og personalhytte
Hjå oss legg me stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhold
FerdigheterBeta
- Diagnostikk
- Kjøre
- Kvalitetsstyring
- Reparasjon
- Servicearbeid
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
Om arbeidsgiveren
Toyota Norheimsund (T.N.) blei etablert i 1994, og har gjennom 30 år utvikla seg til ein komplett bilforhandlar, med bilverkstad, sal av nye og brukte bilar, samt bilutleige. T.N. er marknadsleiar på sal av nye bilar i Kvam. Me har eit moderne verkstadanlegg med bl.a rep. av personbilar inntil 7.5t, understellsbehandling, eige klargjeringsverkstad, i tillegg til dekkhotell. Me er merkeverkstad for Toyota, men reparerer alle bilmerker, både fossil og elbilar. Me er derfor eit frittståande Mekonomen-verkstad i tillegg. Omsetnad 2024 var på kr 64 mill. Toyota Norheimsund, er ein av mange selskap av Jæger Automobil AS, som tilsaman har 7 ulike lokasjoner fordelt i heile Hordaland, T.N. er sertifiseret Miljøfyrtårn.
Jæger Automobil er eit selskap i Jægergruppen A.S. Jægergruppen er Vestlandets største bilforhandlar og fører merka Toyota, Lexus, BMW og Mini. Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Lindås, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 250 tilsette og ei årleg omsetning på 1,7 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir fornøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking.
- Sektor: Privat
- Sted: Steinsdalsvegen 140, 5600 Norheimsund
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Mekaniker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagteknikar, bilmekanikar, reparasjoner, diagnose, service
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406682681
- Sist endret