Rådgivar - seksjon friluftsliv
Miljødirektoratet
- Frist 18.5.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du jobbe med friluftsliv på nasjonalt nivå?
Vi treng ein dyktig og engasjert vikar som kan bidra i arbeidet med sikring og forvaltning av friluftslivsområde. Du kan godt vere nyutdanna og kan bidra med ulike oppgåver knytt til dette fagområdet. Du har interesse for eigedomsforvaltning, plan- og kartfag og bruk av digitale verktøy. Du vil jobbe i ei erfaren faggruppe som arbeider med å ta vare på friluftslivsområda våre i samarbeid med kommunar, friluftsråd og fylkeskommunar. I tillegg må du kunne jobbe sjølvstendig og bidra i arbeidet med andre relevante oppgåver innanfor ansvarsområda til seksjonen.
Seksjon for friluftsliv har elleve medarbeidarar og er ein av fem seksjonar i land- og friluftslivsavdelinga. Vi har hovudansvaret for Miljødirektoratet sitt arbeid med friluftsliv og dei nasjonale måla på området. Vi arbeider mellom anna med å sikre og forvalte statleg sikra friluftslivsområde, rettleie om naturvennleg tilrettelegging, fordele tilskot innan friluftsliv, rettleie om friluftsliv i plan og besøksforvaltning, koordinere arbeidet med besøkssenter, og med formidling av allemannsretten. I arbeidet vårt med å bidra til auka friluftslivsaktivitet for alle befolkningsgrupper, samarbeider vi med offentlege styresmakter og frivillige organisasjonar innanfor fleire sektorar.
Arbeidsstad er på Brattøra i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
bidra i å forvalte statleg sikra friluftslivsområde
kvalitetssikre data til Naturbase
vere ein ressurs i arbeidet med digitalisering på fagområdet og bidra i testing av nye verktøy
andre relevante oppgåver knytt til ansvarsområda til seksjonen
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
Mastergrad innanfor eit relevant fagområde, til dømes eigedomsforvaltning, jordskifte, geografi, friluftsliv, arealplanlegging eller naturressursforvaltning. Kandidatar som blir ferdig utdanna i vår kan søkje, under føresetnad av at alle eksamenar blir bestått dette semesteret.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
God digital kompetanse, og kompetanse på bruk av kartverktøy/GIS.
Kunnskap om fast eigedoms rettsforhold er ønskeleg.
Eigenskapar
Du er strukturert og sikrar framdrift i eige arbeid og saman med andre
Du er fleksibel og open for nye oppgåver
Du har gode relasjonelle eigenskapar og samarbeider godt på tvers
Du har interesse for utvikling av digitale løysingar
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
vikariat med pårekna varigheit til 31. april 2026
lønn som rådgivar/seniorrådgivar frå kr 560 000 - 830 000 etter erfaring og kvalifikasjonar
interessante arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
gode høve for fagleg og personleg utvikling
eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Ingunn Limstrand på telefon 91577096/ ingunn.limstrand@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 54-2054 LFI når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
FerdigheterAI-generert
- Boligforvaltning
- Digitale ferdigheter
- Digitalisering
- GIS
- Kart og oppmåling
- Kvalitetssikring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 750 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
friluftsliv, eigedomsforvaltning, naturressursforvaltning, geografi, jordskifte
Annonseinformasjon
- FINN-kode 405477607
- Sist endret