Trebåtbygger
Stiftinga Hardanger og Voss museum avd. Hardanger Fartøyvernsenter
- Frist 31.5.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig fast 100% stilling som trebåtbygger
Arbeidsoppgåver:
Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna, freda tre- og stålfartøy.
Instruksjon av lærlingar.
Vi ser etter kandidaten som har:
Fagbrev som trebåtbyggjar.
Teknisk forståing for korleis eit fartøy er bygd.
Kunnskap om historiske fartøy og maritim kulturhistorie.
Gode norsk kunnskapar.
Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.
Stillinga inneber noko reiseverksemd, då me har oppdrag i heile landet.
Personlege eigenskaper:
Du er ryddig, engasjert og omgjengeleg og meistrar å arbeide effektivt. Du er lagspelar som er oppteken av positivt arbeidsmiljø og HMT. Du set høge krav til kvalitet, og har interesse og erfaring med antikvarisk istandsetting,
Vi tilbyr:
Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar
Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar for fartøyvern
Søknad sendast til personal@hvm.museum.no innan 31.mai 2025
FerdigheterBeta
- Kjennskap til møbler og snekkerarbeid
Om arbeidsgiveren
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter utpeika av Riksantikvaren, og ei avdeling i Hardanger og Voss Museum. HFS er ei allsidig verksemd som driv med restaurering av verna og freda fartøy og bygningar, nybygging og restaurering av småbåtar, lærlingtilbod, museumsverksemd, leirskule og reiseliv. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. HFS held til i Norheimsund og har rundt 40 medarbeidarar. HFS driv aktiv formidling og er ope for publikum året rundt.
- Sektor: Privat
- Sted: 5600 Norheimsund
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Håndverker, Snekker/Tømrer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
trebåtbygger, fartøyvern, tømrar, møbelsnikkar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 404324323
- Sist endret