Lærer i realfag
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 30.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærer i realfag
Undervisning i realfag både på yrkesfaglege - og studieførebuande utdanningsprogram. Hovudsakleg i faga matematikk og naturfag. Det er ønskeleg med fagkompetanse i økonomifaget.
Arbeidsoppgåver
-Planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
-Vurdere elevane sitt arbeid og gje dei tilbakemeldingar dei kan lære av
-Aktiv deltaking i fagleg- og pedagogisk utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Relevant fagleg og pedagogisk utdanning. Undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga matematikk, kjemi, fysikk eller økonomi. Digital kompetanse er nødvendig.
Personlege eigenskapar
Du er opptatt av fag og utvikling
Du er sjølvstendig, men også samarbeidsvillig og løysingsorientert
Du jobbar systematisk for å fremje elevanes motivasjon og læring
Du har interesse for - og evne til å bygge gode relasjonar
Du er ryddig og ansvarsbevisst
Du har eit positivt elevsyn, og ser det beste i kvar elev
Du samarbeider godt både med elevar, leiing og kollegaer
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar
- Eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- Ein skole prega av god delingskultur og tett samarbeid med kollegaer
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Fysikk
- Kjemi
- Matematikk
- Naturvitenskap
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skolevegen 14, 6600 Sunndalsøra
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærar, Realfag, Sunndal vgs, Undervisning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 403038655
- Sist endret