Vi har framleis ledige lærlingplassar i Bjørnafjorden kommune!
Bjørnafjorden kommune
- Frist 1.5.2025
- Ansettelsesform Lærling
Vil du bli lærling i Bjørnafjorden kommune?
Som lærling hos oss vil du få med deg verdifulle erfaringar og bygge eit solid grunnlag for å møte arbeidslivet etter læretida di er fullført.
I Bjørnafjorden kommune legg vi vekt på eit godt og tilrettelagt læringsmiljø og du blir godt ivareteken gjennom heile læreløpet. Saman med instruktør, planlegg de framdrifta i opplæringa i samsvar med din fagplan. Vi er opptatt av at du skal kjenne på både utfordringar og meistring, og at du skal trivast med å vere lærling i vår kommune.
Vi har læreplassar fordelt på ulike fag ledig frå hausten 2025.
Vi søkjer etter deg som ser etter læreplass innan fagområda:
Byggdriftarfaget
IT-driftsfaget
Service og administrasjonsfaget
Veg- og anleggsfaget
Brannførebyggjarfaget
For å søkja klikk på «Søk her» øverst på sida, og velg det faget som er aktuelt for deg.
Sjå gjerne video som er lenka i utlysinga. (Ser du utlysinga på PC, finn du lenke til video oppe til høgre i utlysinga.) Her vil du få eit nærmare innblikk i korleis det er å vere lærling hos oss!
Verdiar og mangfald
Som lærling i Bjørnafjorden kommune må du kunne identifisera deg med verdiane våre;
Vi lyttar med respekt
Vi finn smarte løysingar
Vi gjer det vi seier
Vi er inkluderande.
Vi ønsker å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Informasjon om søknadsprosessen:
Vi vil kartleggje kandidatar fortløpande, og oppmodar deg til å ikkje å vente med å sende inn din søknad!
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi gler oss til å ta imot nye lærlingar og håper at du ønsker å ha læretida di hos oss!
Ferdigheter
- Forebygge brann
- IT-operasjoner
- Kontorledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 26.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, Os, 5200 Os
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Maskinfører og -operatør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærling, it-drift, veg- og anleggsfaget, administrasjon, brannforebygging
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396711685
- Sist endret