Medarbeidar i Preste- og samtaletenesta
Helse Bergen
- Frist 01.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Medarbeidar i Preste- og samtaletenesta
Preste- og samtaletenesta har for tida tre sjukehusprestar og ein sjukehusdiakon i 100% stillingar. Vi har også ein sjukehusimam. Leiar og sekretær for sjukehuset sin kliniske etikkomite er også tilknytt seksjonen i høvesvis 50% og 20% stilling.
Helse Bergen behandlar pasientar innanfor somatikk, rusmedisin og psykisk helse, og Preste- og samtaletenesta bidrar innanfor alle desse fagområda.
Vi er tilgjengelege med døgnberedskap for pasientar, pårørande og sjukehuset sine medarbeidarar når dei treng oss. Vi møter menneske i ulike kriser og krevande livssituasjonar, noko som krev stor grad av sjølvstende og fleksibilitet mellom dei tilsette i tenesta.
Preste- og samtaletenesta samarbeider i ulike tverrfaglege forum med andre einingar i sjukehuset innan områder som beredskap/ krisehandtering, palliasjon, og klinisk etikk og klinisk kommunikasjon.
Vi har no ledig 100% fast stilling som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta.
Arbeidsoppgåver
- Vere tilgjengeleg for samtalar om det pasientar eller pårørande ønsker å snakke om -uavhengig av livssyn
- Møte pasientar og pårørande i krevande livssituasjonar med omsorg og støtte
- Åndeleg/eksistensiell omsorg og kontekstuell ritualisering
- Støtte sjukehuset sine medarbeidarar i ein krevande kvardag og ved alvorlege hendingar
- Leie grupper og undervise innafor eige fagområde
- Ta del i tverrfaglege samarbeidsforum med andre einingar på sjukehuset
- Bidra til felles fagleg refleksjon og utvikling av Preste- og samtaletenesta i sjukehuset
- Arbeide i 5-delt vaktturnus med døgnberedskap og heimevakter
Kvalifikasjonar
- Teolog, livssynsfagi eller anna relevant utdanning på masternivå
- Erfaring i å møte menneske i krevande livssituasjonar
- Pastoralklinisk eller anna relevant utdanning er ønskeleg (t.d. innan krisehandtering, rettleiing, psykoterapi)
- Erfaring frå samarbeid med institusjonar innan helse og omsorg er ønskeleg
- Erfaring frå tilsvarande arbeid i sjukehus/institusjon er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du kjenner omsorg for og vil støtte menneske i vanskelege livssituasjonar
- Du er livssynsopen og interessert i andre sine liv, tankar og tolkingar
- Du har evne til å forstå og orientere deg i komplekse organisasjonar
- Du er trygg på eigen kompetanse og får til å samarbeide godt med andre faggrupper
- Du ønsker å arbeide med og i relasjonar, til andre, til deg sjølv og til livet
- Du har vilje til å arbeide med eksistensielle tema, fagleg og i eige liv
- Du toler å stå i både uventa og krevjande situasjonar og du kan arbeide sjølvstendig og saman med andre når det er “høg temperatur”
- Du er godt kjent med og kan ivareta deg sjølv
- Du er støtte for dine kollegaer og kan sjølv ta imot støtte
Personlege eigenskapar og samansetting av teamet blir vektlagde
Vi tilbyr
- Eit utfordrande, variert, meiningsfylt og berikande arbeid i ein tverrfagleg kontekst
- Arbeid i ein stor organisasjon med høgt fagleg nivå
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing og vidareutvikling
- Eit godt kollegafellesskap
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Prest, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
medarbeider, Preste- og samtaletjeneste, Pastoralklinisk utdanning (PKU), krisehåndtering sykehus, Veiledning, sykehus, prestetjeneste sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 374203983
- Sist endret