Rådgivar/seniorrådgivar
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 22.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi søker revisor/økonom som vil jobbe i djupna og drive prosessar
Lotteri- og stiftelsestilsynet søker rådgivar/seniorrådgivar til fast stilling på vår avdeling for frivilligheitsstøtte. Vi søker deg som er revisor eller økonom, som vil jobbe med faget ditt – men som også har lyst å jobbe meir overordna og som kan koordinere prosessar godt i hamn.
Kven er vi? I 2023 delte vi ut rundt 4,3 milliardar kroner gjennom tilskotsordningane våre. Med andre ord er det vi som deler ut mest pengar til frivillig sektor i Norge. Vi får oppdraga våre frå Kultur- og likestillingsdepartementet, og avdelinga vår har ansvar for mange og varierte oppgåver innanfor tilskotsforvaltning og frivillig sektor.
Heile Lotteri- og stiftelsestilsynet er rundt 90 tilsette, og på vår avdeling er vi ein gjeng på 20. Folk har variert bakgrunn, men flest er juristar, økonomar eller revisorar, så du kjem til eit breitt fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
Kva gjer vi?Vi forvaltar store tilskotsordningar, og fører kontroll med desse. I tillegg har vi tilsyn med grasrotandelen frå Norsk Tipping, og vi samarbeider med andre statlege aktørar om å drifte og vidareutvikle tilskudd.no. Det gir oss unik innsikt om frivillig sektor, som vi brukar til å gjere det enklare å drive frivilligheit i Norge.
Vi jobbar med fleire tiltak i prosjektet «Starte og drive en frivillig organisasjon» som er ein del av Regjeringa sin digitaliseringsstrategi. Her jobbar vi mellom anna med ein nasjonal rettleiar for forenkling, harmonisering av omgrep, og tiltak for gjenbruk og delinga av data. For å lukkast må vi samarbeide godt med frivillig sektor, andre tilskotsforvaltarar og statlege organisasjonar.
Vi jobbar også med rettleiing til søkarane våre, lov- og forskriftsarbeid, utvikling av brukarvennlege løysingar, saksbehandling og tilsyn. Oppgåvene dine blir tilpassa kompetansen og erfaringa di, sett opp mot behova på avdelinga. Du vil få varierte oppgåver innanfor tilskotsforvaltning og frivillig sektor.
Kva ser vi etter?
Vi ser etter deg som er revisor eller økonom, og som gjerne vil jobbe både overordna og i djupna i faget ditt. Gjennom ordningane vi forvaltar jobbar vi risikobasert, og jaktar etter måtar å jobbe smartare på. Vi har også arbeidsoppgåver som krev god økonomi- og rekneskapsforståing, samt analytiske eigenskapar.
Samtidig har vi mange større og mindre oppdrag som må koordinerast frå a til å, og vi treng difor deg som trivst med å vere ein prosessdrivar. For å gjere det godt må du vere veldig god på kommunikasjon og samarbeid, og du får framdrift på det du jobbar med. For å løyse oppgåvene er det avgjerande å vere strukturert, men her er også rom for å tenke kreativt i oppgåvene der vi utviklar nye løysingar. Som prosessdrivar held du gjerne presentasjonar og trivst med å vere møteleiar.
Det er ein fordel om du har erfaring som prosjektleiar, men det er ikkje eit krav. Kanskje har du driv og interesse for å jobbe i koordinerande rolle? Då er dette ei moglegheit du bør sjekke ut.
Når vi skal forenkle for frivillig sektor handlar mykje om digitalisering. Difor er det ein fordel om du er over snittet god på å ta i bruk ulike typar system og verktøy. Du bør ikkje vere redd for store mengder data i Excel. Kanskje har du erfaringar frå utviklingsprosjekt innan IT frå tidlegare arbeid?
For å søke må du ha:
- Mastergrad innan rekneskap og revisjon eller innan økonomi
- Veldig god framstillingsevne munnleg og skriftleg på norsk
Her får du ein spennande, utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø – samtidig som du får ein god balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning.
Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.
Verd å merke seg
Løn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364.
Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Økonomi og regnskap, Revisjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Revisor, Økonom, Analyse, Prosessdriver
- FINN-kode 369452592
- Sist endret