Prosjektleiar
Ål Kommune
- Frist 22.9.2024
- Ansettelsesform Prosjekt
Prosjektleiar - Ål helsetun
Ål kommune skal bygge ut Ål helsetun i etappar og treng ein erfaren og tydeleg prosjektleiar i inntil 100% stilling i 3-5 år.
Arbeidsoppgåver:
- Saman med prosjektorganisasjonen definere romprogram for dei ulike byggestega og leie planlegging, prosjekterings- og byggefasene.
- Sørge for at styringsgruppe, arbeidsgrupper, referansegrupper og brukarkoordinator fungerer godt.
- Utarbeide framdriftsplan og budsjett for arbeidet.
- Ha kontakt med Husbanken på vegne av byggherre.
- Vere med på å velgje enterpriseform og sørge for utlysing av arkitekt-, prosjekterings- og byggeoppdrag.
- Følgje opp leverandørane i planleggings-, prosjekterings- og byggefasane.
Stillinga kan evt delast opp viss søkjarar ønsker deltidsstilling.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Vi ønsker ein prosjektleiar med erfaring og gode referansar helst frå store byggeprosjekt innan helse.
- Ønskeleg med høgare utdanning innan relevante fagområde. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Vi ser etter ein som er ryddig og strukturert, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du har solid økonomiforståing og evne til å skape struktur.
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig.
Me kan tilby:
- Ei unik jobbmoglegheit med eit spennande prosjekt som vil setje spor i lokalsamfunnet.
- Fleksibel og variert arbeidskvardag.
- Eit godt og fagleg kompetent team og støtteapparat med vilje til utvikling, som vil vere med å gje både forankring, nettverk og motivasjon.
- Løn etter avtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar regulert av Hovedtariffavtala.
Send søknad:
- Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Intervju vil skje løpande gjennom søknadsprosessen.
Velkomen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spennande prosjekt, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Ål kulturhus tilbyr spennande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med ein kortreist og enkel kvardag.
Ål kommune har vore både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torget 1,, 3570 Ål
- Bransje: Offentlig administrasjon, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleiar, prosjektleiing, prosjektutvikling, budsjett, helse
Tingstugu, Ål kommune. Foto: Terje Bjørnsen (1/3)
- FINN-kode 369188088
- Sist endret