Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for framandspråk
Universitetet i Bergen
- Frist 25.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Studiekonsulent (seniorkonsulent)
Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for framandspråk
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for framandspråk
Velkomen som søkjar til ei ledig fast stilling som studiekonsulent ved Institutt for framandspråk (100%), Universitetet i Bergen. Hovudoppgåva i stillinga er å følgje opp fag og studentar ved instituttet. Tilsetjing 1. november 2024 eller etter avtale.
Institutt for framandspråk har ni språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. På desse faga blir det forska og undervist i disiplinar som språk, litteratur, fagdidaktikk og historie/kulturkunnskap. Staben ved instituttet har kring seksti fast vitskapleg tilsette, om lag tjue stipendiatar og postdoktorarar og elleve administrativt tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg på www.uib.no/fremmedsprak (http://www.uib.no/fremmedsprak).
Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i instituttadministrasjonen der administrasjonssjefen er dagleg leiar. Dei fleste i administrasjonen arbeider på studiefeltet, og fagporteføljen er delt mellom studiekonsulentane slik at kvar studiekonsulent har ansvaret for eitt eller fleire av dei ni faga ved instituttet. I tillegg vil den som blir tilsett, jobbe saman med ein annan kollega i administrasjonen med eitt eller fleire satsingsområde («spesialfelt») ved instituttet. Dette arbeidet er knytt til viktige strategiske satsingar som internasjonalisering, studentrekruttering, studiekvalitet og læringsmiljø og gir grunnlag for fagleg utvikling i stillinga.
Fagtilbodet strekkjer seg frå innføringsnivå og opp til master- og doktorgrad, og med innslag av vidareutdanningstilbod i tillegg til dei meir ordinære utdanningsprogramma. Studiekonsulenten samarbeider nært med andre studieadministrativt tilsette ved instituttet og fakultetet og med fagkoordinator og andre undervisarar på faga. Arbeidet i studiegruppa ved instituttet blir leia av studieleiar.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga har ansvaret for å følgje opp eitt eller fleire av faga ved instituttet studieadministrativt. Dette inkluderer m.a. følgjande oppgåver:
- rettleie, ta imot og følgje opp studentar
- delta i vidareutvikling av utdanningstilbodet
- vere sekretær for programstyre (kvart fag har eit eige programstyre)
- arbeide med studieplanar
- handsame studentsaker
- ta del i studentrekrutterings- og informasjonsarbeid
- planleggje og følgje opp eksamen
- delta i undervisningsplanlegginga (timeplanarbeid)
- ta del i utviklinga av rutinar på det studieadministrative feltet
- vere med i fagleg-administrative nettverk
- jobbe særskilt med eitt eller fleire satsingsområde («spesialfelt») i administrasjonen
Det kan kome endringar i oppgåvene.
Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som i utgangspunktet er lagde inn i stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- mastergrad (lang relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning)
- praksis frå administrativt arbeid innan høgare utdanning er en fordel, gjerne også med studieadministrasjon
- effektivitet, orden, evne til å følgje opp arbeidsoppgåvene fram til ferdig resultat og evne til å takle periodar med høgt arbeidspress og til å halde kontinuerleg oversyn over tidsfristar
- motivasjon for å arbeide med studentar og interesse for faga ved instituttet
- gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg
- evne til å uttrykkje seg godt på engelsk og norsk (inkludert skriftleg på både engelsk, nynorsk og bokmål)
- sjølvstende, fleksibilitet, gode samarbeidsevner.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar i tilsetjinga.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med løn etter lønssteg 57 - 62, for tida frå kr. 557 100 til kr. 604 900,- brutto i året. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Du kan få vite meir om stillinga om du kontaktar studieleiar Deirdre Smith på tlf. 55 58 39 69 eller e-post deirdre.smith@uib.no, eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler, Veileder
meta.heading
- FINN-kode 369161209
- Sist endret