Lærar
Bergen kommune
- Frist 14.9.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Lærarstilling
Garnes ungdomsskule har eit ledig vikariat for lærar i 100 % stilling med faga musikk, matematikk og naturfag. Den som vert tilsett må ha minst 60 studiepoeng i matematikk. Stillinga er ledig frå snarast.
Skulen har 420 elevar. Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes, 8 minutt med buss frå Arna stasjon. Skulen har nynorsk som si målform. Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og eit nærmiljø med moglegheit for varierte aktivitetar. Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen sin visjon er "læring og trivsel for alle". Vi arbeider etter PALS-modellen. Vi har satsing på tilpassa undervisning i ein inkluderande skule. Det medfører to pedagogar i fleire timar, framfor i små grupper. Skulen er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet. Alle som vert tilsett ved Garnes ungdomsskule må kunne vere kontaktlærar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning.
- Vurderingsarbeid med ulike vurderingsformar.
- Legge til rette for elevmedverknad.
- Kontaktlærararbeid, samarbeid skule- heim.
- Utviklingsarbeid i klasse, på trinn og for skulen.
- Samarbeid i team, faggrupper og skule.
Kvalifikasjonar
- Tydelig og trygg vaksen, har kunnskap om lærings- og klasseleiing.
- Ansvarsbevisst og strukturert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, liker å jobbe i team.
- Gyldig politiattest.
- Godkjent lærarutdanning. Utdanning frå utlandet må vere godkjent.
- Må kunne formulere seg særs godt både munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk).
Personlege eigenskapar
- Sjøvstendig og løysingsorientert.
- Lærlingsvillig, positiv og fleksibel.
- Kunne skape og utvikle gode relasjonar.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Kunne stå i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Ein skule i utvikling og endring.
- Fagleg og personlig utvikling.
- Samarbeid og støtte av lærarar og avdelingsleiar.
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Ein spannende, hektisk og utfordrande kvardag.
- Lønn etter kvalifikasjoner og etter avtaleverk.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5264 Garnes
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
grunnskole, ungdomsskole, musikk, matematikk, undervisning
meta.heading
- FINN-kode 368438039
- Sist endret