Forskningsrådgjevar
Universitetet i Bergen
- Frist 20.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Forskingsrådgjevar ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)
Forskingsrådgjevar
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskingsrådgjevar
Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei stilling som forskingsrådgjevar (rådgjevar).
KMD er med sine ca. 190 tilsette og omlag 650 studentar fordelt på tre institutt. Vi er eit fagleg vidfemnande fakultet, med forskingsaktivitet innan kunstnarleg utviklingsarbeidi våre kunstnarlege og utøvande fagmiljø, i tillegg til vitskapleg forsking innan musikkvitskap og musikkterapi. Som forskingsrådgjevar inngår du i eit team på om lag 3 årsverk og samarbeider tett med andre funksjonar i fakultetsadministrasjonen, som studieseksjon, formidlingsgruppe og ressursgruppe.
KMD er i ein oppbyggingsfase for å få til økt eksternfinansiert forskingsaktivitet, og har høge målsetjingar om i endå større grad å innhente eksterne midlar. For å nå desse målsetjingane trengs det meir kapasitet innan det forskingsadministrative feltet.
Arbeidsoppgåver:
- Forskingsrådgjeving spesielt retta mot nasjonale/internasjonale forskingsprogram med særleg vekt på posisjonering og utarbeiding av søknader til Norges forskingsråd og Europakommisjonen sine rammeprogram
- Ha oversikt over og informere forskarar om relevante finansieringskjelder innan vitskapeleg forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid, samt arrangere forskingsseminar
- Gi råd, rettleiing og assistanse i samband med BOA-søknader (bidrags- og oppdragsaktivitetar) knytt til budsjett, kontraktar, start-, driftsfase og avslutting, inklusive institutta sin del av kontraktarbeidet
- Saksutgreiing, utarbeide rapportar, høyringar og evalueringar som institutta og fakultetet er involvert i
- Ta del i arbeidet med å styrke BOA-porteføljen og i samarbeid med instituttleiarar og fakultetsleiing utvikle og gjennomføre forskingsstrategien til fakultetet
Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelle.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar som vil bli vektlagt:
- Søkjar må ha utdanning på mastergradsnivå
- Søkjar må ha erfaring frå sakshandsaming innan offentleg forvaltning og utgreiingsoppgåver, god kjennskap til universitetssystemet og til forskingsadministrasjon
- Søkjar må ha erfaring med prosjektgjennomføring og/eller prosjektadministrasjon
- Søkjar må ha gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg, i tillegg til norsk (begge målformer)
- Søkjar bør ha kjennskap til NFR og EU sine forskingsprogram og rammevilkåra for våre fagområde, inkludert kunstnarisk utviklingsarbeid
- Relevant praksis og god administrativ IT-kompetanse er ein føremon
- Kjennskap til fakultetets fagområde, og konkret erfaring frå søknadsskriving er ein føremon
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Evne til å motivere, skape kontakt og fremje samarbeid
- Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, strategisk og målretta
- Evne og vilje til raskt å setje seg inn i nye saksfelt og handtere komplekse problemstillingar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel og serviceinnstilt
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60-63 (for tida brutto kr 584 500 - 615 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjend utdannings- og forskingsmiljø
- Høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre kunstnarlege og vitskaplege tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppekoordinator for forskingsadministrasjonen Thomas De Ridder,Thomas.De.Ridder@uib.no, tlf. 91638017 eller fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, eli.hoie@uib.no, tlf. 95198327.
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
meta.heading
- FINN-kode 367098896
- Sist endret