Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med ansvar for språk i kultur- og mediesektoren
Språkrådet
- Frist 1.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med språk i kultur- og mediesektoren i Språkrådet?
Språkrådet har ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med ansvar for språk i kultursektoren og mediesektoren.
Den som vert tilsett skal bidra til å fremje statusen til og bruken av norsk språk i kultursektoren og i mediesektoren.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste oppgåvene i stillinga er
- å arbeide med strategiske tiltak for å styrkje det norskspråklege tilbodet på desse felta
- å samle inn, systematisere og presentere relevant kunnskap om stillinga til norsk språk
- å etablere kontakt og strategisk samarbeid mellom Språkrådet og aktørar i sektorane
- å følgje politiske prosessar på felta, skrive høyringssvar og gjere utgreiingsarbeid
- å setje språk i kultursektoren og mediesektoren på dagsordenen til dømes ved å skrive kronikkar og debattinnlegg og planleggje og organisere arrangement
Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- høgare utdanning med mastergrad eller tilsvarande, gjerne medie- eller kulturfagleg
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- god kompetanse i bokmål og nynorsk
Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.
Personlege eigenskapar
Vi er på jakt etter deg som
- har erfaring frå offentleg forvaltning, journalistikk, mediesektoren eller kultursektoren
- har evne til å tenkje nytt og kreativt
- har interesse for kulturpolitikk, inkludert medie- og språkpolitikk
- kan arbeide sjølvstendig og systematisk
- har god rolleforståing og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- viser initiativ og pågangsmot og har gjennomføringsevne
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit hyggeleg og sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- fagleg utvikling
- moderne og trivelege kontorlokale sentralt i Oslo med innandørs sykkelparkering og kort veg til kollektivnettet i Oslo
- subsidiert kantine
- fleksibel arbeidstid
- høve til å arbeide på heimekontor (etter nærmare avtale)
- høve til å trene i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna som rådgjevar i stillingskode 1434, kr 548 600–635 400 (lønnstrinn 56–65), eller seniorrådgjevar i stillingskode 1364, kr 604 900–692 400 (lønnstrinn 62–70), alt etter kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi kan utføre samfunnsoppdraget vårt på ein god måte. Difor ønskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling). Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidstid.
Vi oppmodar søkjarar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentlege sjølv om søkjarane har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
For å sikre ei grundig og rettferdig vurdering av kandidatane bruker vi den arbeidspsykologiske testen People Test Person (PTP) i rekrutteringsprosessen. Testen vil bli gjennomført av ein ekstern samarbeidspartnar og vil berre bli brukt på kandidatar som går vidare frå førstegongsintervjuet.
Nærmare opplysningar om stillinga får du av avdelingsdirektør Lars Ivar Nordal på telefon 96 62 36 29.
Om arbeidsgiveren
Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Språkrådet arbeider med å styrkje det norske språket og språkmangfaldet i Noreg og har ansvar for å følgje opp språka norsk (nynorsk og bokmål), norsk teiknspråk, kvensk, romanes og romani
- Sektor: Offentlig
- Sted: Observatoriegata 1 B, 0254 Oslo
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Offentlig forvaltning, Kultur, Media, Språk, Nynorsk
- FINN-kode 365434516
- Sist endret