Seksjonsleiar HR og kommunikasjon
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
- Frist 19.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie organisasjonsutviklinga innan HR og kommunikasjon i DIO?
Seksjonsleiar HR og kommunikasjon
Vi er DIO!
Det nye regjeringskvartalet er i ferd med å reise seg og vil opne for nye arbeidsformer, moglegheiter og utfordringar. Høvet til å ta i bruk ny teknologi vil vere stort i dei nye bygningane, og DIO skal utvikle departementa sin nye digitale plattform med forsterka sikkerhet og større teknologisk moglegheitsrom.
Vår ambisjon? Å utløyse krafta i fellesskapet.
Første januar 2025 blir vi departementa sin digitaliseringsorganisasjon - DIO. Vårt oppdrag er å styrkje departementa sin evne til å løyse komplekse samfunnsoppdrag gjennom sikker teknologi, digitalisering og innovasjon. Dette er vår misjon og vårt framtidsbilde.
Vi står framfor ei betydeleg endringsreise. Tre IKT-organisasjonar skal transformerast til éin digitaliseringsorganisasjon, med felles kultur, tankesett og ambisjonar. Og vi treng deg for å få det til - ein ansvarleg og raus pådrivar.
Kva blir oppgåvene dine?
Brenn du for godt arbeidsmiljø og strategisk kommunikasjon? Vi søkjer deg som har tilstrekkeleg erfaring og fagleg tyngde til å leie seksjonen som har ansvar for både HR og kommunikasjon i DIO. Som seksjonsleiar får du hovudansvaret for å ivareta arbeidsgjevaransvaret for DIOs medarbeidarar, samt DIOs kommunikasjon - internt og eksternt. Dette er ein unik moglegheit til å vere med å leie utviklinga av ein ny organisasjon, som frå dag éin skal vere i stand til å levere på samfunnsoppdraget.
HR- og kommunikasjonsseksjonen ivaretar arbeidsgjevaransvaret, partssamarbeidet, informasjonsforvaltning, strategisk kommunikasjon, leiarstøtte, eigedomsdrift og administrasjon i DIO. Som seksjonsleiar står du i front av arbeidet med å utvikle organisasjonen, medarbeidarane og prosessane i DIO.
Som seksjonsleiar vil du ha ansvar for:
- Organisasjonsutvikling: Kompetansestrategi, organisasjonsutvikling, arbeidsgjevarprofilering, ivareta og utvikle DIOs medarbeidarar og leiarar.
- Leiarstøtte: Bistå leiarar med arbeidsrettslege spørsmål, personalsaker, rekruttering og onboarding, og byggje eit godt arbeidsmiljø og felles kultur i DIO.
- Leie og inspirere: Du er ein leiar som motiverer og skapar resultat saman med medarbeidarane dine og resten av verksemda. Som seksjonsleiar vil du ha ansvar for personalleiing, budsjettering og kompetanseutvikling i eigen seksjon.
- Strategisk kommunikasjonsrådgjeving: Ansvar for kommunikasjonsfagleg handsaming, herunder mediehandtering og krisekommunikasjon, samt intern kommunikasjonsrådgjeving for verksemdas leiing.
- Informasjonsforvaltning: Ansvar for interne og eksterne kommunikasjonsplattformer, samt forvalte verksemdas arkiv og dokumentforvaltning.
- Prosessforbetring: Digitalisering i DIO, prosessforvaltning og vidareutvikling av DIOs prosessar og arbeidsmetodikkar, innan seksjonens ansvarsområde.
- Kultur: Utvikling og forvaltning av DIOs kultur og arbeidsmiljø.
Kven er du?
Vi søkjer deg som har:
- høgare relevant utdanning på masternivå, innan HR, organisasjonsutvikling, kommunikasjon, økonomi, administrasjon, leiing eller liknande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- erfaring innan strategisk HR, organisasjonsutvikling og personalleiing
- solid leiarerfaring frå leiing av HR- og kommunikasjonsfunksjonar, med ansvar for personalleiing, budsjett og rapportering
- eit strategisk og heilskapleg tankesett knytt til HR og kommunikasjon
- god verksemdsforståing og kjennskap til departementa
I tillegg er det ynskjeleg at du:
- evner å sjå vårt samfunnsoppdrag og eige fagområde i eit heilskapleg verksemdsperspektiv
- har erfaring frå offentleg sektor
- leier og utviklar medarbeidarar og team gjennom inkluderande og tillitsbasert leiing
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidrar til samhandling på tvers av fagfelt og styrkjer kultur for innovasjon og kontinuerleg læring
- trivst med personalansvar og brukar partssamarbeidet og medbestemming som aktivt ivaretar tilsette
Ettersom DIO er under etablering må du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag, og kunne tilpasse deg nye arbeidsformer, arbeidsoppgåver og endringar i organisering. Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og ansvarsområder i denne stillinga kan endrast for å kunne tilpasse DIOs utviklingsbehov og strategiske målsettingar. Andre oppgåver innan relevant ansvarsområde kan bli lagt til stillinga avhengig av kompetanse.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Vilkår og betingelsar
Vi tilbyr:
- eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag
- ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein dynamisk organisasjon
- moglegheit til å påverke og forme DIOs organisasjonsutvikling, kommunikasjonsstrategi og fellesfunksjonar
- høgt kompetente medarbeidarar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- fleksibel arbeidstid og andre velferdsgoder
- lokale midt i hjarte av Oslo
DIO er ein ny etat som vil vere operativ frå 1.1.2025. Du vil difor bli mellombels tilsett i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og blir så overført til DIO innan 1.1.2025.
Stillinga blir løna som seksjonssjef (stillingskode 1211) med bruttolønn pr. år frå kr 966 300 - 1 196 800 (lønnstrinn 84 - 93). jf. Hovudtariffavtalane i staten. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli gjort offentleg, sjølv om du har bedt om å bli unnateke frå søkjarlista.
Tilsetting føreset at kandidaten kan sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELEG / NATO SECRET, etter krav i Sikkerheitslova, på tiltredingstidspunktet. Kandidaten må vere norsk statsborgar.
Informasjon til deg som søkjer
Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur blir vi betre rusta til å møta desse utfordringane. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på, noko som er avgjerande for vår evne til å levere effektive og innovative løysingar.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalla minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i nemnte grupper må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på: Positiv særbehandling når man søker jobb i staten | Statens arbeidsgiverportal (dfo.no) (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten) Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Vil du bli ein av oss?
Vi ynskjer at leiar for HR og kommunikasjon kjem ombord og blir ein del av DIOs leiing snarast mogleg.
Vil du snakka med oss om stillinga? Då kan du kontakte:
- Unni Anette Johnsrud, avdelingsleiar for Verksemdsutvikling i DIO, e-post: unni-anette.johnsrud@dss.dep.no
- Anders Aagaard Sørby, verksemdsleiar for DIO, e-post: anders-aagaard.sorby@dfd.dep.no
- Stine Einang Lørup, rekrutteringsrådgivar, på e-post: stine.einang-lorup@dss.dep.no
Om arbeidsgiveren
Våre grunnverdiar er å vera ansvarleg og inkluderande, samt ein pådrivar for positiv endring.
Eigardepartement: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD).Direktør: Anders Aagaard Sørby.På jobb for DIO: ca. 270 personar.Hovudkontor: Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten) i Oslo, med supplerande lokale i regjeringskvartalet, Kvadraturen, Nydalen og i Victoria Terrasse.Operativ frå: 01.01.2025.Les meir på dio.dep.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, HR, personal og rekruttering
- FINN-kode 363304416
- Sist endret