Elektromontør Sterkstraum
Helse Bergen
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Elektromontør Sterkstraum
Teknisk avdeling er ei av til saman 9 einingar underlagd Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF. Drift/teknisk Divisjon består i hovudsak av dei fleste ikkje-medisinske einingar i Helse Bergen. Divisjonen har om lag 1200 tilsette, med eit mangfaldig og variert kompetansespekter.
Ansvarsområde for Drift/teknisk Divisjon:
Ansvar for drift, reinhald, sikkerheit, vedlikehald av 455.000 m2 areal med bygningar og ansvar for medisinsk-teknisk utstyr til i overkant av 1 milliard kroner. Hovudansvar for planlegging av investeringar i nybygg, ombyggingar og innhenting av tilbod til utstyr som årleg ligg rundt 400 millionar kroner. I tillegg har divisjonen ansvar for arealplanlegging og arealdisponering/ arealtildeling på sjukehuset. Vi utstyrer òg sjukehuset med mat, klede og transporttenester.
Arbeidsstad for stillinga er Elektroseksjonen, som er ein av 10 einingar ved Teknisk avdeling. Elektroseksjonen sørgjer for at alle elektrotekniske installasjonar ved Helse Bergen er i god stand og verkar som planlagd til ein kvar tid. Det er 18 trivelege tilsette ved seksjonen. Vi ser etter deg som har ei løysingsorientert tilnærming til oppgåver og utfordringar. Helse Bergen er ei høgteknologisk verksemd og vi ønskjer at du trivast med samarbeid på tvers av faggrupper, i seksjonen og ved føretaket elles.
Viktige arbeidsoppgåver for elektroseksjonen er mellom anna, drift av det elektriske anlegget på Haukeland universitetssykehus som inkluderer UPS anlegg, periodisk vedlikehald av naudlys, Gruppe 0,1 og 2 rom. (medisinske områder), brannalarmanlegg. Kontroll i forbindelse med overtagelse av nybygg. Tverrfagleg samarbeid med andre einingar på Haukeland.
Arbeidsoppgåver
- Drift, vedlikehald og ettersyn av dei elektriske anlegga i Helse Bergen
- Dagleg oppfølging av SD anlegg
- Drift og vedlikehald av lysanlegg
- Service av elektrisk utstyr, kontroll/verifisering Gr 0, 1 og 2 rom
- Lukke avvik etter Internkontroll
- Feilsøk og reparasjonar av elektrisk utstyr og mindre ombyggingar
- Kunne delta i vaktordning ved behov
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar (Gruppe L )
- Førarkort klasse B
- Det vil bli lagt vekt på relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
- Du held deg oppdatert på gjeldande lovar og forskrifter
- Kunne bruke PC som arbeidsverktøy
- Må meistre norsk med god skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Evne å fagleg sette seg inn i Helse Bergen sine anlegg
- Kjennskap til el-installasjonar og kontrollar i medisinske område er ein fordel
- Teknisk interessert
Personlege eigenskapar
- Ha ei praktisk tilnærming til oppgåver
- Arbeide strukturert med eit klart mål
- Kundeorientert i ditt arbeid
- Arbeide sjølvstendig og samstundes trivast i team når det er ønskeleg
- Vere løysingsorientert
- Trivast i eit miljø kor ein vidareutviklar seg sjølv og sine kollegaer
- Kunne samarbeide med andre yrkesgrupper
Vi tilbyr deg
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitid
- Tilsetting etter nærare avtale
- Betalt lunsj
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Håndverkstjenester, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Håndverker / Elektriker, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sterkstrøm, Gruppe L, UPS, Internkontroll
- FINN-kode 361683848
- Sist endret