![Vest politidistrikt logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/6/vertical-0/11/6/356/793/046_851590eb-33ba-445e-9301-76b92e03f41c.jpg)
Seniorrådgjevar - analytikar
Vest politidistrikt
- Frist 26.6.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vera med å handtera dei mest alvorlege truslane mot Noreg?
I Vest politidistrikt er det ledig ein fast stilling som seniorrådgjevar SKO 1364 med funksjon som analytikar, ved PST Vest, Seksjon for etterretning. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar til stilling som seniorrådgjevar vil vi vurdere å ansette i stilling som rådgjevar SKO 1434 med funksjon som analytikar.
Som analytikar i PST Vest skal du utarbeide analysar og etterretningsprodukt i tråd med lokal, regional og nasjonal produksjonsplan. Vi søkjer etter ein person som ønskjer å bidra til tenesta sitt analysearbeid. Vi er avhengige av at medarbeidarane til ei kvar tid har høg kompetanse innan våre arbeidsområde og vi gjev intern opplæring innan fag og bruk av metodar.
Søkjarar må tilfredstille krava til sikkerheitsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELEG. Ein må rekne med testing av fagkunnskap og om ein er skikka til stilinga. For å bli sikkerheitsklarert må kandidatane vere villig til å gje personlege opplysningar om seg sjøv og sine næraste. Du blir oppmoda om å vise diskresjon om at du søkjer stilling i PST. Meir informasjon om dette blit gitt i løpet av søknadsprosessen. Noko reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med å utforme, drive fram, gjennomføre og formidle analyse- og etterretningsprodukt.
- Medverke til utvikling av fagområdet analyse både lokalt, regionalt og nasjonalt
- Halde foredrag i ulike fora og drive annan utadrette verksemd
- Formidle sikkerheitsrådgjevning til trusseltusatte innanfor PST sitt mandat
- Gje muntleg og skriftleg besltuningsstøtte.
- Hospitering må påreknast
- Introdusere og rettleie nyansatte og kollegaer
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
For stilling som seniorrådgjevar:
- Relevant mastergrad eller tilsvarende, og minimum 5 års relevant arbeidserfaring
For stilling som rådgjevar:
- Relevant mastergrad, eller relevant utdanning frå høgskule/universitet på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring minimum 3 år. Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særkilde tilfeller (minimum 10 år) erstatte kravet til utdanning
For begge stillingar:
Må-krav:
- Erfaring og/eller utdanning frå etterretning- og/eller analysearbeid blir vektlagt.
- God erfaring frå utoverretta verksemd
- Meget god munnleg og skriftleg språkkunnskap på norsk og engelsk
- God IT- og systemkompetanse
- Tilfredsstille krava til sikkerheitsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELEG
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskelege-krav:
- Erfaring med bruk av relevante analyseverktøy er ein fordel
- Erfaring frå PST er ein fordel
- Andre språkkunnskapar er ein fordel
- Kjennskap til politiet sin organisering og PST sine samarbeidsaktørar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Motivert for å bidra til et godt fag- og arbeidsmiljø
- God formidlingsevne
- Gode relasjons-, kommunikasjons-, og samarbeidsevner
- God til å arbeide analytisk, strukturert og sjølvstendig, også under tidspress
- Initiativrik og ha god gjennomføringsevne
- Vere kreativ, fleksibel og nysgjerrig
- Evne og interesse for å tilegne seg kunnskap om andre kulturar, religionar og områder
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som PST forvalter
- Stillinga blir lønna som rådgjevar (stillingskode 1434), frå ltr. 68/kr. 667.700 til ltr. 71/ kr. 708.000 brutto per år, eller som seniorrådgjevar (stillingskode 1364), frå ltr. 73/kr. 732.300 til ltr. 76/kr. 777.900 brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
- Gode arbeidsvilkår (til dømes fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, bedriftshelseteneste o.l.)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Ref.nr: 24/118512
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Politi og sikkerhet, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Politi, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgivning, Analyse, Formidling, Etterretning, Sikkerhet
- FINN-kode 356793046
- Sist endret