Samfunnsvitar (rådgjevar)
- Arbeidsgiver: Klima- og miljødepartementet
- Stillingstittel: Vil du jobbe for å nå måla om å redusere klimagassutslepp?
- Frist: 06.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Vil du jobbe for å nå måla om å redusere klimagassutslepp?
Om stillinga
Vi søker samfunnsvitar med interesse for klimafaglege spørsmål til ei fast stilling i Klimavdelinga. Du vil primært ha tilhøyrsel i analyse- og verkemiddelseksjonen, men det er forventa at du vil kunne hjelpe på tvers i avdelinga ut frå behov.
Du vil få jobbe i eit godt og tverrfagleg miljø med andre juristar, økonomar og stats- og samfunnsvitarar. Du vil også få samarbeide og ha mykje dialog med andre avdelingar i departementet, andre departement, Miljødirektoratet.
Kva gjer vi i analyse- og verkemiddelseksjonen?
Regjeringa har sett ambisiøse mål for klimagassreduksjonar. Analyse- og virkemiddelsekjonen (AV) har koordineringsansvar for den nasjonale klimapolitikken. Vi har ansvar for oppfølging og utvikling av Noregs internasjonale klimaforpliktingar, medrekna arbeidet med EU sitt klimakvotesystem og felles oppfylling av klimamål for 2030 med EU. Seksjonen har også ansvar for departementet sitt arbeid med nasjonal klimaovervaking, rapportering etter klimalova, og arbeidet med metodar for tiltak og verkemiddel. Seksjonen jobbar med utvikling og oppfølging av verkemiddel for å redusere klimagassutsleppa innanfor petroleum og fastlandsindustri. Seksjonen har ansvar for den norske CO2- kompensasjonsordninga og deltek i prosessar knytte til CO2-fangst og lagring (CCS). Seksjonen har og oppgaver i arbeidet med internasjonale klimaforhandlingar.
Dine arbeidsoppgåver:
Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement, som inneber utstrekt koordinering- og samordningsoppgåver internt i departementet og mellom departement knytte til den samla oppfølginga av klimapolitikken.
Du vil arbeide med å redusere utslepp og omstille Noreg til eit lågutsleppsamfunn. I denne stillinga blir det forventa at du kan støtte med kompetansen din i fleire seksjonar i Klimaavdelinga. Du må derfor ha evne til å kunne handtere ein noko varierande portefølje over tid, og trivast med å setje deg inn i nye saker. Ein del av arbeidet vil vere relatert til utvikling av klimapolitikk og verkemiddel. Arbeidet med regelverk knytt til EU sin grøne giv som f.eks. kvotesystemet og tilhøyrande regelverk, innsatsfordelinga, og skog- og arealbruk er særleg aktuelle for stillinga. Du vil også utarbeide avgjerds- og faktaunderlag, som f.eks. å skrive talar, pressepunkt m.m. for politisk leiing.
Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
For å kvalifisere deg for stillinga må du ha:
- samfunnsvitenskaplig utdanning på mastergradsnivå med meget gode eksamensresultater
- minst to år med relevant arbeid
- kjennskap til fagfeltet
- særs god evne til å formidle komplekse bodskap klart og enkelt på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- gode ikt- egenskapar
Vidare er det ønskeleg at du har:
- erfaring frå miljøforvaltning
- erfaring frå departement
Klarering: Du må tilfredsstille krav til autorisasjon på nivå AVGRENSA (nsm.no)
For å lukkast i stillinga må du:
- vere analytisk, nøyaktig, strukturert og ha god arbeidskapasitet
- raskt setje deg inn i komplekse problemstillingar som krev god vurderingsevne
- vere initiativrik og sjølvdriven
- ha forståing av rolla som embetsverk for politisk leiing og evne til å sjå faglege og politiske problemstillingar i samanheng
- evne til å jobbe godt i team, ha "stå på"-vilje, samt evne til å drive og koordinere prosessar
- trivst med varierte oppgåver og arbeid med korte fristar
Sidan avdelinga koordinerer fleire krevjande prosessar på klimaområdet internt i departementet og opp mot dei ulike sektordepartementa, blir det stilt store krav til struktur, presisjon og fleksibilitet, samt evne til å handtere leveransar under tidspress.
Kvifor skal du jobbe hos oss?
- Du vil bidra til å nå klimamål og omstille samfunnet til eit lågutsleppsamfunn.
- Vi vil gi deg god opplæring og du får jobbe med eit bredt spekter av tema og problemstillinger knytta til miljøspørsmål.
- Du vil bli del av eit høyt kvalifisert arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter.
Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle (f.eks. DepArt og kor) og sportslege aktivitetar (sirkeltrening, yoga, pilates, fotball, innebandy, svømming, mm.), inkludert 1,5 time trening i arbeidstida i uka. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet.
Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
Les meir om å jobbe i KLD (https://www.regjeringen.no/no/dep/kld/stillinger/Jobbe-i-Klima--og-miljodepartementet/id757636/).
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.
Lønn:
Årslønn for rådgiver: fra kr 604 900 - 708 000 (lønnstrinn 62 - 71).
Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Utanlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende. Godkjenninga må du leggje ved.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å vere unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søkje.
Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med avdelingsdirektør Anne Gislerud, telefon 91350314.
Om arbeidsgiveren
Klimaavdelinga har ansvaret for internasjonalt arbeid, nasjonal politikkutvikling innanfor klimaområdet samt lokal luftkvalitet og støy. Avdelinga har også overordna ansvar for miljø og utviklingsspørsmål.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kongens gate 20, 0153 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Samfunnsviter
- FINN-kode 354254238
- Sist endret