Aktivitør/hjelpepleiar
- Arbeidsgiver: Sula kommune
- Stillingstittel: Aktivitør
- Frist: 07.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Har du lyst å arbeide med aktivisering og kulturtilbod for eldre? Deltaking i kulturliv er viktig for å ivareta helse, glede, aktivitet og felleskap.
Vi har fleire aktivitetstilbod i bukollektiva som vi vil å lage ein god struktur på. Vi trenger ein person som er kreativ og kan ta i bruk nye aktivitetar.
Arbeidsoppgåver
Vi søker etter ein aktivitør/hjelpepleiar som kan koordinere og gjennomføre aktivitetar for bebuarane i bukollektiva i Sula kommune. Stillinga er kombinert med ei stilling i 2-delt turnus med arbeid 3.kvar helg, ved Sulatunet,korttids/rehabiliteringsavdelinga.
Dette er ei nyoppretta stilling som skal ha ansvar for "Kulturkarusell for eldre". Du skal vere ein pådrivar for at dei eldre får tilbod om tilpassa aktivsering i grupper eller på individnivå i samhandling med det nære personalet. Frivillige lag og organisasjonar skal tas med i arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Aktivitør eller hjelpepleiar, erfaring med eldreomsorg kan vere ein fordel.
- Krav om politiattest for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du må være kreativ og ha evne til å engasjere, inspirere og begeistre eldre
- Du er god på samhandling med andre
- Du er fleksibel
- Du er utadvendt og kjem lett i kontakt med andre
- Du er god på organisering og struktur i arbeidet ditt
Vi tilbyr
- Et positivt og engasjert fagmiljø
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Tillegg for vidareutdanning
- Tillegg for ekstraarbeide sommar 2024
- Gratis parkering
- Sektor: Offentlig
- Sted: Stadsnesvegen 23, 6030 Langevåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 354227744
- Sist endret